
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Om oss
Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT) ligg under Miljøverndepartementet og har 340 tilsette ved kollektivknutepunktet Helsfyr i Oslo. Vi iverkset forureiningspolitikken og er vegvisar, vaktar og forvaltar for eit betre miljø. Dei viktigaste arbeidsområda våre er klima, miljøgifter, hav og vatn, avfall, luft og støy. Vi jobbar for ei forureiningsfri framtid.
|
|
Vi arbeider for å:
Les meir i strategien vår mot 2012 Våre funksjonar og roller:Vi overvaker og informerer om miljøtilstandenVi har oversikt over tilstanden og utviklinga i miljøet , og saman med andre kunnskapsmiljø, byggjer vi opp og formidlar miljøkunnskap. Hovudkanalen for dette er Miljøstatus i Noreg. Vi utøver myndigheit og fører tilsynVi forvaltar og handhever forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova. Vi gir løyve, stiller krav og set grenser for utslepp, og fører tilsyn med at krava blir overhaldne. Vi styrer og rettleier fylkesmennene sine miljøvernavdelingarVi styrer fylkesmennene sitt arbeid på forureiningsområdet, samordnar tilsynsarbeidet til fylkesmennene og tilrettelegg for felles tilsynsaksjonar. Vi rettleier fylkesmennene og er også klageinstans for Fylkesmannens vedtak etter forureiningslovgivinga. Vi er ein rådgivar og pådrivar for auka miljøinnsatsVi seier frå dersom miljøtilstanden utviklar seg feil i forhold til miljømåla i Noreg eller internasjonale forpliktingar. Vi synleggjer dei vesentlege miljøutfordringane i ulike sektorar, og vi gir Miljøverndepartementet våre vurderingar og råd om mogelege tiltak og verkemiddel. Vi deltek i internasjonalt miljøvern- og utviklingssamarbeidVi deltar i ei rekkje internasjonale prosessar. Der arbeider vi for at regionale og globale avtalar skal redusere alvorlege miljøproblem. Vi samarbeider også med miljøforvaltningar i andre land for å overføre forvaltningskompetanse og hjelpe til miljøforbetringar. |
Tema

