
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Spesialrapport om fornybar energi og klimatiltak
FN sitt klimapanel starta i 2008 arbeidet med ein spesialrapport om fornybar energi og klimatiltak. Rapporten blir ferdigstilt på eit møte i Dei sameinte arabiske emirata i mai 2011.
Det er arbeidsgruppe III i klimapanelet som har ansvaret for rapporten. Spesialrapporten skal gi ei betre forståing av og meir informasjon om potensialet for å redusere klimaendringane ved hjelp av fornybare energikjelder. Fornybar energi er viktig for Noreg, og i 2009 var Klima- og forureiningsdirektoratet vertskap for eit av møta om spesialrapporten.
Spesialrapporter frå FN sitt klimapanel
FN sitt klimapanel arbeidar for tida med to spesialrapportar, ein om fornybar energi og klimatiltak og ein om handtering av ekstremvêr og katastrofar. Arbeidet med desse rapportane følgjer dei same rutinane som arbeidet med hovudrapportane frå klimapanelet.
- mogeleg teknisk gjennomføring
- økonomisk potensial og marknadsstatus
- kva konsekvensar utnytting har for økonomi og miljø
- effektar på energisikkerheit
- synergiar i forhold til berekraftig utvikling
- val og vilkår for integrasjon med system for energiforsyning og samfunn
Rapporten vil også vurdere kva for ressursar som finst per region og kva for effektar desse ressursane kan ha på klimaendringane.
Rapporten er bygd opp med teknologikapittel – bioenergi, direkte solenergi, geotermisk energi, vasskraft, havenergi og vindkraft. Desse kapitla vil bidra til dei generelle kapitla, mellom anna om korleis ein kan utnytte den fornybare energien berekraftig og korleis ein kan sikre kapasitetsbygging, teknologioverføring og finansiering i og mellom ulike regionar.
Kontaktpersonar:
- seniorrådgjevar Øyvind Christophersen
telefon: 22 57 37 24, e-post: oyvind.christophersen@klif.no - kommunikasjonsrådgjevar Christoffer Grønstad
telefon: 22 57 35 21, e-post: christoffer.gronstad@klif.no
Tema
