
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Eksterne lenker
- Produktforskriften § 2-21 om DEET
(Lovdata) - Vurdering av effektivitet og moglege helseeffektar ved eksponering for DEET
(frå Nasjonalt folkehelseinstitutt)
Kontrollerer myggmiddel
30.05.05 SFT kontrollerer no innhaldet i ulike myggmiddel som finst på marknaden. Kontrollane skal avsløre om myggmidla inneheld meir enn tillaten mengd av det kjemiske stoffet DEET.
- DEET (N,N-dietyl-m-toluamid (cas 134-62-3)) er det mest brukte stoffet i myggmiddel i Noreg og i verda elles.
- Risikoen for helseskadar hos barn ved bruk av produkt med høge konsentrasjonar av DEET gjer at dei fleste land gir råd om tryggleik.
1. januar i år fekk Noreg nytt regelverk som regulerer innhaldet av DEET i myggmiddel. Frå 1. april er det ikkje lenger tillate å importere og omsetje myggmiddel som inneheld meir enn 20 prosent DEET.
På produkt som inneheld DEET, skal også stå: "Må ikkje brukast på barn under 3 år, og brukast med varsemd på større barn".
Kontrollerer alle ledd
SFT sine tidlegare kartleggingar og kontrollar av myggmiddel har vist mangelfull merking og høgt innhald av DEET. SFT følgjer no opp med å kontrollere importørar, apotek, vaksinasjonsklinikkar og andre verksemder som omset myggmiddel. Formålet er å kontrollere at ingen myggmiddel som blir seld på marknaden, overskrid tillaten DEET-konsentrasjon på 20 prosent og at produkta er riktig merkte.
Tema
