Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Nye krav til avfallsprodusentar og -deponi

29.11.06 EU sitt regelverk for karakterisering og mottak av avfall på deponi (vedlegg II i deponidirektivet) er nå implementert i avfallsforskrifta. Dei nye krava vil gjelde frå 1. januar 2007.

Endringane i kapittel 9 i avfallsforskrifta implementerer vedtaket i Rådet i EU om kriterium og framgangsmåtar for mottak av avfall på avfallsdeponi (2003/33/EF).

Nye reglar frå 1. januar 2007

Miljøverndepartementet har vedtatt at endringane tred i kraft frå 1. januar 2007. Dei nye krava til mottakskontroll på deponia gjeld fyrst frå 1. juli 2007. Krava vert gjeldande for alle deponi i drift per 1. juli 2007, også deponi som skal stengast før 16. juli 2009.

Nye krav til deponia

Deponiet får større kontrolloppgåver av avfall før det kan leggast på deponiet. Avfall som ikkje oppfyller krava i regelverket, skal avvisast ved deponiet og driftsansvarleg pliktar å melde frå om det avviste avfallet til tilsynsstyresmakta.

Tilsynsstyresmakta for kommunale deponi er Fylkesmannen. For industriinterne deponi er styresmakta den etaten som har gjeve det generelle løyvet, enten SFT eller Fylkesmannen.

Nye krav til deponiavfall

Avfallsforskrifta skal syte for at deponering av avfall gjev minst mogleg miljøulempe. Det er krav til utforming og drift av deponi. For å unngå miljøulemper frå deponert avfall, er det også nødvendig å stille kvalitetskrav til avfallet som vert deponert.

Eksempel på kvalitetskrav som vert innført med denne endringa, er maksimumsverdiar for utlekking for lett forureina massar og farleg avfall som skal på respektive deponikategori 3 og 1. Forskrifta stiller også krav til maksimum innhald av organisk materiale for ordinært avfall som skal deponerast saman med gips, og spesifikke krav til asbestavfall som skal deponerast i ordinært avfallsdeponi (deponikategori 2).

Nye krav til avfallsprodusenten

Produsenten av avfallet vert ansvarleg for å dokumentere miljøkvaliteten av avfallet som skal deponerast på deponi, uansett kva for deponikategori avfallet skal til. I mange praktiske samanhengar vil det ikkje vere den opprinnelege avfallsprodusenten som har ansvaret for basiskarakterisering og verifikasjon. Om avfallet vert levert til eit sorteringsanlegg eller handtert på anna måte før deponering, vil eigenskapane til avfallet endre seg.

I ei kjede av avfallsaktørar vil det derfor vere den siste aktøren som produserer det avfallet som faktisk vert deponert. Det er i så fall denne aktøren som må basiskarakterisere og verifisere avfallet. I tillegg vil det som hovudregel vere krav til utlekkingstesting av avfall som skal til deponi for inert og farleg avfall. For ordinært avfall er det generelle kravet at det ikkje skal innehalde farleg avfall.

I samsvar med høyringsforslaget

SFT sendte forslaget til nytt regelverk på høyring 1. februar 2006. Dei nye reglane er i hovudsak i samsvar med høyringsforslaget.

Til toppen av siden

Til toppen av siden