Til toppen av siden

Brattvaag Skipsverft AS, Haram

07.10.02 Kunngjøring i Sunnmørsposten, Haramsnytt og Norsk lysingsblad om at Brattvaag Skipsverft AS i Haram kommune har søkt om løyve til utslepp til luft og vatn og støyemisjon.

Kunngjering

 

Søknad om utsleppsløyve frå Brattvaag Skipsverft AS, Haram kommune

 

Brattvaag Skipsverft AS har søkt om løyve til utslepp til luft og vatn og støyemisjon frå verksemda i Brattvåg, gnr. 28, bnr. 235 i Haram kommune i Møre og Romsdal.

 

Søknaden gjeld utslepp og støy i samband med nybygging av ulike typar skip og båtar. Bedrifta utrustar skip basert på skrog levert frå verft i utlandet. Skipa vert sandblåst og påført maling utvendig i mindre grad.

Skroga inneheld ballastvatn som bedrifta tømmer ut i Samfjorden. I 2001 vart drygt 4500 m3 ballastvatn ført ut til resipienten. Gjennomførte analyser viser lavt innhald av metall.

 

Bedrifta søkjar om å halde fram med eksisterande drift, med 160 tilsette og ei arbeidstid på 12 timer per døgn.

 

Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn ved kontor for teknisk sektor i Haram kommune, 6270 Brattvåg.

 

Ein ber om at kommentarar til søknaden blir sendt skriftleg til Statens forureiningstilsyn, Pb. 8100 Dep., 0032 Oslo, innan 10.11.2002.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden