
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Indus Kjemisk Teknisk Fabrikk AS
21.08.02 Kunngjering i Nordhordland, Bergens Tidende og Norsk lysingsblad om at Indus Kjemisk Teknisk fabrikk har søkt om utsleppsløyve. Verksemda ynskjer å utvide og flytte frå Indre Arna i Bergen til Eidsnes i Lindås kommune.
Kunngjering
Indus Kjemisk Teknisk Fabrikk AS har søkt Statens forureiningstilsyn om utsleppsløyve. Verksemda ynskjer å utvide og flytte frå Indre Arna i Bergen til Eidsnes i Lindås kommune.
Dei søker om løyve til utslepp i samband med attvinning av løysemiddel frå spesialavfall, attvinning av metall frå ureina emballasje, reining av ureina ballastvatn frå skip, samt energiutnytting av oljeavfall og prosessgassar med etterfølgjande reining av røykgassane.
Indus søker om å få sleppe ut vatn frå prosessane med eit gjennomsnittleg innhald på 240 g olje og 12 kg opplaust organisk stoff per dygn til sjøen. Krava til utslepp til luft er gjevne i forskrift om forbrenning av spesialavfall.
Søknaden er lagd ut til offentleg innsyn ved teknisk etat i Lindås kommune.
Send eventuell fråsegn til: Statens forureiningstilsyn, Postboks 8100 Dep, 0032 OSLO innan 5 veker frå datoen for kunngjering. Merk fråsegna med referansen 2002/849.
Tema
