Til toppen av siden

SAR Offshore AS, Florø

20.05.03 Kunngjering i Firdaposten, Sogn Avis og Norsk lysingsblad om at SAR Offshore AS søker SFT om løyve til å take i mot og behandle oljeboringsmaterial på selskapets anlegg på Fjordbase, Florø.

Kunngjering

 

SAR Offshore AS søker Statens Forureiningstilsyn (SFT) om løyve til å take i mot og behandle oljeboringsmaterial på selskapets anlegg på Fjordbase, Florø. Aktuelle materialtypar vil være borevæske, borekaks, kompletteringsvæsker og slop frå boreplattformer og installasjonar i Nordsjøen, samt spylevatn frå tankreining både frå landbasert industri og offshore.

 

Formålet er å behandle dei mottatte materiala med tanke på attvinning, samt volumreduksjon og klargjering for transport til andre behandlingsanlegg. Behandlinga av væsker vil gi utslepp av reina vatn til sjø og SAR søker derfor om utslepp til sjø. Dei søker ikkje om utslepp til luft. Anlegget vil normalt bli driven innanfor normal arbeidstid, med det vil være behov for tilgang til lasting og lossing heile døgnet. SAR søker elles om ei driftstid på 12 timer per døgn, 300 dagar i året. Det vil bli gjere endringar på dagens anlegg på basen.

 

Søknaden er lagd ut til offentleg gjennomsyn på servicetorget Flora

kommune.

 

Rett eventuelle spørsmål om søknaden til SAR Offshore AS v/ Thomas Larsen.

 

Send eventuell uttale til Statens forureiningstilsyn, Postboks 8100 Dep, 0032 OSLO innan 01.08.2003. Merk uttala 2003/992.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden