Til toppen av siden

Hydro Aluminium, Årdal

15.05.06 Kunngjering i Sogn Avis og Norsk lysingsblad om søknad frå Hydro Aluminium knytta til endring av utsleppsløyve for utslepp til luft og vatn frå elektrolyseovnane i Årdal i Sogn og Fjordane.

Kunngjering

Hydro Aluminium, Årdal Metallverk, har søkt Klima- og forureiningsdirektoratet om endring i gjeldande utsleppsløyve.

Gjeldande grenser for utslepp av støv, fluor og tjørestoff (PAH) til luft og for tjørestoff (PAH) til sjøen frå elektrolyseovnane med Søderberg-teknologi gjeld fram til 31. desember 2006.

Verksemda har søkt om at grensene kan gjelde fram til 30. september 2007 slik at Søderberg-anlegget kan haldest i drift fram til denne dato. Orsaka er at utvikling av nye arbeidsplassar til erstatning for dei som er knytt til Søderberganlegget, har teke lenger tid enn tidlegare planlagt.

Søknaden er lagt ut til offentleg innsyn i servicesentralane til Årdal kommune i Øvre Årdal og på Årdalstangen.

Merknader til at løyve blir gitt, må sendast til SFT, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo innan 15. juni 2006.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden