
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Program om konsekvensutgreiing for Norsk Gjenvinning (2011/1172)
23.12.11 Kunngjering i Nordhordaland og Strilen om at Norsk Gjenvinning Industri byggjer eit nytt anlegg for mottak, mellomlagring og handtering av avfall på Mongstad i Lindås Kommune. Verksemda har levert framlegg til program for konsekvensutgreiing som skal klargjere alle relevante konsekvensar av verksemda. Frist for å gi innspel er 17. februar 2012.
Verksemda vil søkje Klima- og forureiningsdirektoratet om løyve til mottak, mellomlagring og handtering av om lag 50 000 tonn farleg avfall, som fast avfall og oljehaldig vatn. Dei vil óg søkje om mottak og mellomlagring av ca. 5 000 tonn næringsavfall, tre og metall.
Før behandlinga av søknaden, skal verksemda gjennomføre ei konsekvensutgreiing. Norsk Gjenvinning Industri har no utarbeidd ei melding med framlegg til program for konsekvensutgreiing.
Gjennom høring av meldinga, ønskjer Klima- og forureiningsdirektoratet å få innspel på kva dei bør utgreie og leggje fram i konsekvensutgreiinga. Konsekvensutgreiinga frå verksemda skal klargjere alle relevante konsekvensar.
Frist for innspel 17. februar 2012
Saksdokumenta og skjema for elektronisk tilbakemelding finn du på http://www.klif.no/horing2011-1172. Det er også mogeleg å sende inn høringskommentarar skriftleg, med referansenr. 2011/1172, til Klima- og forureiningsdirektoratet, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo.
Melding med framlegg til program om konsekvensutgreiing er lagt ut til offentleg innsyn ved Lindås kommune, Rådhuset, Servicetorget, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Dokumentet er også tilgjengeleg på www.lindas.kommune.no.
Vi ber om eventuelle kommentarar til meldinga innan 17. februar 2012.
Tema
