
Ved akutt
forurensning
ring: 110
SAR AS, Tysvær (2012/1511)
05.02.13 Kunngjering i Haugesunds Avis, Tysvær Bygdeblad og Norsk lysingsblad om at SAR AS startar konsekvensutgreiing for anlegg i Haugaland næringspark i Gismarvik i Tysvær kommune i Rogaland.
Kunngjering
SAR AS startar konsekvensutgreiing for anlegg i Haugaland næringspark.
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) ønskjer innspel i samband med at SAR AS ønskjer å etablere eit nytt behandlingsanlegg for boreavfall på Asco base i Haugaland næringspark i Gismarvik i Tysvær kommune. I den samanheng ønskjer dei å etablere eit anlegg for mottak og mellomlagring av farleg avfall, samt næringsavfall.
Avfallstypar som det vil vere aktuelt å behandle er borekaks, slam, oljehaldig vatn, vaskevatn, prosessvatn og vatn med restar av borevæsker. Behandlingsanlegget vil ha ein kapasitet på cirka 80.000 tonn avfall per år. Det reinsa vatnet vil bli sloppe ut i Førresfjorden. Dette inneber at avfallet vil bli sluttbehandla, og at aktiviteten fell innanfor krava til utarbeiding av konsekvensutgreiing.
SAR AS har utarbeidt ei melding med forslag til program for konsekvensutgreiing i samband med søknad om behandling av farleg avfall. Gjennom høyring av meldinga ønskjer Klif å få innspel på kva konsekvensar som bør utgreiast og fremjast i ei konsekvensutgreiing. Konsekvensutgreiinga skal belyse alle relevante konsekvensar av verksemda. Frist for innspel er 15. mars 2013.
Meldinga er lagd ut til offentleg innsyn på servicetorget i Tysvær kommune. Elektronisk utgåve av meldinga og skjema for å gi tilbakemelding finn du på desse sidene (www.klif.no/horing2012-1511). Det er også mogeleg å sende kommentarar til Klima- og forureiningsdirektoratet, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo.
Tema
