
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Kutt i utsleppa med Klimakur 2020
22.10.10 Innlegg i Dag og Tid av prosjektleiar Elin Økstad og rådgjevar Hege Haugland, Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)
I Dag og Tid 15. oktober hevdar Olav Norem og Trygve Refsdal at Klimakur 2020 aukar dei norske CO2-utsleppa. Vi i Klima- og forureiningsdirektoratet ønskjer å bidra med nokre fleire poeng til denne debatten.
Først er det viktig å ha klart føre seg at Klimakur 2020 ikkje er ei tilråding, men ei utgreiing. Ingen har sett føre seg at alle dei meir enn 160 tiltaka vi har sett på skal gjennomførast, og enkelte er gjensidig utelukkande. Eksemplet med at 40 prosent innblanding av biodrivstoff i drivstoff til alle typar transportmiddel vil krevje ei auke i uttaket av trevirke på 25–40 millionar kubikkmeter (m3), viser vel først og fremst det store behovet for andre tiltak i transportsektoren.
Klimakur viser moglegheitene politikarane har for å nå dei norske måla for reduserte utslepp. For utsleppa av klimagassar skal ned. Skog bind karbon, og avskoging er ei av dei største utfordringane verda står overfor når det gjeld utslepp av klimagassar. Globalt set ein inn store ressursar for å snu avskogingstrenden. I Noreg har vi netto tilvekst i skogen. Det set oss i ein god posisjon for både å lagre karbon i skog og i produkt av tre, og å nytte trevirke til energiformål.
Norem/Refsdal har rett i at norsk skog tek opp og bind store mengder karbon. Det årlege opptaket er på om lag 25 millionar tonn CO2, nær halvparten av dei totale norske utsleppa av klimagassar. Samstundes viser framskrivingar at årleg opptak vil gå ned, fordi mykje av skogen er gamal og bind mindre karbon. Dette er ei trend vi må forsøke å snu, og Klimakur 2020 ser på ei rekkje skogtiltak som kan bidra til å auke opptaket. Skog veks langsamt, og tiltaka vil særleg ha effekt på lang sikt. Effekten av nokre tiltak vil avhenge av avverkingsnivå.
Samtidig kan tiltak i andre sektorar krevje meir bioenergi. Dei ulike menyane i Klimakur viser ein total etterspurnad på rundt 20 TWh frå bioenergivarer innan 2020. Ein ser ikkje føre seg at skogen skal levere alt. Bioenergi kan kome frå ei rekkje andre ressursar, som halm, energivekstar, husdyrgjødsel, avfall og slam. Men skog må bidra, og vi må ha god skogskjøtsel for å samtidig sikre høgt opptak i skog.
Det er viktig å auke nyttinga av avfallsvirke, slik som greiner og toppar (grot), ryddingsvirke og tynningsvirke. Klimakur viser til utgreiingar som seier at vi kan ta ut inntil 9 TWh frå slikt virke for under 30 øre/kWh. Stortingsmelding nr. 39 (2008-2009) viser til eit teknisk potensial for auka bruk av biomasse frå landbruket på mellom 23 og 32 TWh.
Å sjå på kor effektivt skogen kan nyttast til å produsere energi og fase ut fossile energiberarar, er eit opplagt kriterium når ein skal velje kva skogen skal brukast til. Ein bør og sjå om det finst andre tiltak som kan redusere utsleppa frå ei kjelde, slik at bioressursane nyttast der det ikkje finst andre gode alternativ.
Debatten om kva som er god utnytting av bioenergiressursar må fortsetje. På oppdrag frå Miljøverndepartementet arbeider vi vidare med å sjå på kva som gir optimal utnytting av skogen i klimasamanheng.
Tema
