
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Stadig meir emballasjeavfall blir gjenvunne
23.05.00 Det viser nye tal som SFT har fått frå selskap som samlar inn emballasje. I 1999 vart 59 prosent av emballasjeavfallet brukt til å lage nye produkt (materialgjenvinning), medan 12 prosent vart nytta til å produsere energi i forbrenningsanlegg.
I tillegg arbeider bransjen for å redusere mengda emballasjeavfall som oppstår. Men sjølv om mange av tala er positive, er ikkje alle måla nådd.
Etter avtalar med Miljøverndepartementet organiserer næringslivet landsdekkjande system for innsamling og gjenvinning av emballasjeavfall. Dette skjer gjennom dei såkalla materialselskapa, som mellom anna syter for at avfall frå kommunane kjem fram til gjenvinningsanlegg. Som del av avtalane rapporterer materialselskapa kvart år til SFT. Her gjer dei greie for kor mykje emballasjeavfall som er samla inn.
Rapportane for 1999 viser stor framgang for metallgjenvinning, som aukar frå 7 til 37 prosent. Gjenvinning av plast og glas har også auka. Materialgjenvinning av kartong ligg på 43 prosent, noko som er ein liten tilbakegang frå året før. Til saman gjekk om lag 229.000 tonn emballasjeavfall til materialgjenvinning, medan 47.000 tonn vart energiutnytta. I sum auka både materialgjenvinning og energiutnytting med ca. 2 prosentpoeng kvar, i høve til året før.
Gjenvinningstala kan vere usikre. Men SFT arbeider for å få best mogelege tal, mellom anna ved å stille krav til dokumentasjon frå materialselskapa. I tillegg skal selskapa sikre og dokumenterer at innsamla emballasjeavfall går til gjenvinning som føresett.
- Dette er avgjerande for at folk skal ha tillit til gjenvinningsordningane, seier SFT-direktør Håvard Holm.
Tema
