
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Stadig meir emballasje i næringslivet
26.06.01 Det blir brukt stadig meir emballasje til transport og innpakking av varer. SFT er ikkje nøgd med næringslivet sin innsats for å redusere mengdene, sjølv om dei er flinke til å samle inn og gjenvinne emballasjeavfallet.
Dette er konklusjonen etter at SFT har oppsummert næringslivet sine rapportar for 2000. Etter avtalar med Miljøverndepartementet organiserer emballasjebrukarane landsdekkjande system for innsamling og gjenvinning av emballasjeavfall. Dei har også teke på seg å gjennomføre tiltak for å redusere mengdene avfall frå emballasje.
Mengdene emballasjeavfall som oppstår, har auka i seinare år. Innrapporterte tal tyder også på ein klar auke i mengd emballasje per krone omsette produkt. Trass i positive eksempel og enkelttiltak, kan SFT ikkje sjå at næringslivet har klart å redusere avfallsmengdene slik dei har lova gjennom avtalane med Miljøverndepartementet.
Gjenvinningstala er derimot positive. Bransjen rapporterer at 64 prosent av emballasjeavfallet vart gjenvunne i 2000, ein auke på fem prosent frå i 1999. Tal for ulike materialslag er referert under. SFT har elles eit positivt inntrykk av bransjen sitt arbeid med å gjenvinne det avfallet som blir samla inn.
Gjennvinningstal for 2000:
Emballasje- | Materialselskap | Material- | Material- | Gjenvinnings- | Energi- | Energi- | Mål for |
Brunt papir | Norsk Resy AS | 80% | 85,9% | 65 % | 3% | 3,1% | 15% |
Plast | Plastretur AS | 18% | 21,5% | 30 % | 40% | 44,8% | 50% |
Metall | Norsk Metallgjenvinning AS | 37% | 51,0% | 60% | - | - | - |
Kartong | Norsk Returkartong AS | 43% | 48,7% | 50% | 10% | 9,4% | 10% |
Drikkekartong | Norsk Returkartong AS | 39% | 46,9% | 60% | - | - | - |
Glas | Norsk Glassgjenvinning AS | 80% | 85,3% | - | - | - | - |
Les meir
Tema
