
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
'Leros Strength'-erstatning avgjort
23.08.02 Staten får dekka utgiftene for oljevernaksjonen etter Leros Strength-forliset i februar 1997. Etter lang rettsleg strid blei det inngått forlik mellom staten og eigarane. - Dette kan sette standard for komande oljevernaksjonar, seier SFTs beredskapsdirektør Joakim Lystad.
- MS "Leros Strength" forliste laurdag 8. februar 1997, omlag 30 nautiske mil sørvest for Sola. Heile mannskapet på 20 omkom.
- Skipet hadde120 tonn olje og 30 tonn dieselolje om bord då den forliste. Det meste av oljen i skipet lak ut. Vel 12 kilometer strandsone ved Skudenes havn på Karmøy blei forureina.
- SFT overtok aksjonsansvaret frå kommunen og leia opprydningsarbeidet etter oljesølet.
Over seks millionar for oppryddinga
SFT fremja krav om full dekning av utgiftene til opprydninga, i alt 6.373.599 kroner. Dei ansvarlege for skipet ville ikkje innfri kravet. Saka enda difor i domstolane. Det var knytt mange rettslege spørsmål til saka, mellom anna kvar den skulle handsamast, etter kva for land sitt lovverk og korleis internasjonale konvensjonar skulle tolkast. Ei løysning av saka kunne difor liggje langt fram i tid.
SFT fikk i april i år tilbod om full dekning av hovedkravet og ein del av rentene. Dette godtok staten og forlik blei inngått.
Presedens for liknande saker
- Full dekning av dei opprinnelege utgiftene i samband med eit refusjonskrav av ein slik storleik, har ikkje funne stad tidlegare. Denne saka vil difor kunne danne presedens for seinare saker om dekning av utgifter staten har i samband med opprydning av oljesøl, seier SFTs beredskapsdirektør Joakim Lystad.
Tema
