Til toppen av siden

Oppryddinga i Sandefjord kan starte

18.07.02 Sandefjord kommune, lokale verksemder og SFT er blitt samde om finansieringa av oppryddinga i sjøbotnen innerst i Sandefjord. Dette pilotprosjektet kan få mykje å seie for andre norske fjordar og hamner.

Oppryddinga i Sandefjordsfjorden vil koste totalt 26,7 millionar kroner. Av dette betaler SFT nær to tredelar. Kommunen og næringslivet betalar resten. Industriverksemdene som har stått for mesteparten av forureininga i det aktuelle området, eksisterar ikkje lenger. Dermed er det vanskeleg å fullt ut etterleve prinsippet om at forureinar skal betale.

Viktig pilotprosjekt

- SFT betalar ein relativt stor del fordi me meiner pilotprosjektet i Sandefjord vil gi oss viktig erfaring. Det er viktig å få gjennomført konkrete oppryddingstiltak i eit hamneområde. Mellom anna vil ein kunne dokumentere effektane av tiltaka ved hjelp av oppfølgande overvaking av miljøtilstanden, seier SFT-direktør Håvard Holm.

Stor innsats lokalt

For å hindre ytterlegare forureining blir det lagt ned ein stor innsats lokalt for å stogge tilførsel frå kjelder på land. SFT forventar at pilotprosjektet i Sandefjord vil gi viktig kunnskap som me kan bruke i den vidare nasjonale satsinga av opprydding i fjordar og hamner. Oppryddinga i Sandefjordsfjorden skal etter planen avsluttast neste år.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden