Til toppen av siden

PCB-lekkasje i Sørfjorden

04.03.02 Målingar som er gjort i Sørfjorden og Hardangerfjorden viser at mengden av miljøgifta PCB i Sørfjorden auka dramatisk i fjor. Truleg lek det PCB frå land i området Tyssedal-Lindenes. Det blir sett igang kartlegging for å finne lekkasjen. Det er kosthaldsråd i området.

I samband med statleg program for forureiningsovervaking av Sørfjorden og Hardanger i 2001 samla Norsk institutt for vannforskning (NIVA) inn blåskjellprøver frå seks stasjonar i september. Desse blei analyserte for PCB. Prøvene viste at konsentrasjonane av PCB i blåskjell var fleirdobla i høve til tidlegare år. Frå Tyssedal var verdiane spesielt høge.

For å få stadfest resultata blei det også analysert blåskjell samla inn i desember. Desse resultata stemde godt med dei tidlegare målingane.

PCB-lekkasje

Sidan auken er så dramatisk, er det truleg at det er ei aktiv PCB-kjelde i området Tyssedal-Lindenes. Fylkesmannen i Hordaland skal koordinere arbeidet med å finne kjelda og få stogga lekkasjen.

Kosthaldsråd

Statens næringsmiddeltilsyn (SNT) har tidlegare gitt kosthaldsråd for Sørfjorden på grunn av kvikksølv i fisk og kadmium og bly i skjell. SNT frårår difor å ete skjell frå området. Ein bør heller ikkje ete torsk meir enn ein gong i veka frå indre Sørfjorden (innanfor Måge). Gravide og ammande bør ikkje ete fisk og skaldyr fanga i Sørfjorden.

Det er ikkje analysert for PCB i prøver av fiskelever frå Tyssedal, men SNT frårår konsum av fiskelever frå indre Sørfjorden (innanfor Måge) fram til nye analysedata av torskelever er klar.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden