Til toppen av siden

Færre miljøklager i Grenland

20.08.03 SFT mottok 28 klager på forureiningssituasjonen i Grenland i 2002. Dette er vesentleg lågare enn året før og det lågaste sidan klageregistreringa tok til i 1981, viser SFT sin årsrapport frå miljøovervakinga i Grenland.

Klager frå innbyggjarane er ei viktig form for tilbakemelding til SFT, og gir informasjon om korleis folk opplever miljøtilhøva i Grenland.

Klager på dis og klorlukt redusert

SFT mottok i 2002 flest klager på Hydro Porsgrunn Industripark og Norcem. Talet på klager på dis og klorlukt er vesentleg redusert, mellom anna som følgje av at Hydro sin magnesiumfabrikk vart lagt ned i april 2002. Klager på støy frå Breviksterminalen rettast til Porsgrunn kommune og vert ikkje registrert av SFT.

Talet på klager som SFT har motteke i perioden 1981-2002. Det var flest klager i 1986 (340 klager) og færrast i 2002 (28 klager Klager: Talet på klager som SFT har motteke i perioden 1981-2002. Det var flest klager i 1986 (340 klager) og færrast i 2002 (28 klager). 


Årviss miljørapport

SFT har sidan 1974 registrert klager og overvaka utslepp til luft og vatn og støy frå dei store industriverksemdene i Grenland. Årsrapporten for 2002 viser at: 

  • SFT gjennomførte 28 kontrollar ved industriverksemdene i Grenland i 2002. Kontrollane avdekte ingen alvorlege avvik.             
  • Talet på overskridingar av SFTs anbefalte grenseverdiar for god luftkvalitet var på same nivå i 2002 som året før. I perioden 1970 til 1990 vart utsleppa av spesielt SO2 og svevestøv vesentleg redusert. Frå 1990 til 2002 har det vore små endringar i nivåa av luftforureining, men talet på dagar med høgt forureiningsnivå er redusert.             
  • Overvakingsnettet avdekte 19 tilfelle av for høg luftforureining i 2002. Dei fleste hendingane skuldast utslepp frå vegtrafikk, mellom anna på grunn av piggdekkbruk.            
  • SFT mottok i fjor 102 meldingar om utsleppshendingar frå Grenland-verksemder, mot 85 året før. Auken skuldast fleire meldingar frå Norcem etter at verksemda endra rapporteringsrutinane i juni 2001.             
  • Støynivået i buområda rundt mange av dei aktuelle verksemdene er høgare enn tillatne grenser. Fleire av verksemdene er tidlegare pålagde å utarbeide planar for støyreduserande tiltak. For tida vert det iverksett tiltak frå desse planane.             
  • Mengda farleg avfall produsert av Grenland-verksemdene gjekk ned frå 2001 til 2002. Hovudforklaringane er nedlegginga av magnesiumfabrikken, og at det vart generert mindre mengder farleg avfall på Noretyl.

Kosthaldsråda held fram

Utsleppa av miljøgifter, klorerte bindingar og dioksin er kraftig redusert dei siste ti åra. Kosthaldsråd og omsetnadsforbod for fisk og skaldyr i Grenlandsfjordane held likevel fram. Reduksjon av tilførslar av næringssaltar, fiber og partiklar har ført til betre badevatnkvalitet og levetilhøve for botnlevande organismar.

Verksemder i kontrollordninga for Grenland

Desse verksemdene er med i kontrollordninga: Hydro Porsgrunn Industripark, Hydro Polymers Rafnes og Porsgrunn, Noretyl, Borealis, Norske Skog Union, Eramet Norway Porsgrunn, Norcem Brevik og Noah Brevik.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden