Til toppen av siden

Forbod mot to bromerte flammehemmarar

28.11.03 I tråd med miljøvernstyresmaktene sin handlingsplan for reduksjon av utsleppa av bromerte flammehemmarar, foreslår SFT forbod mot penta- og okta-bromdifenyleter. Høyringsfristen er 20. januar 2004.

Penta-bromdifenyleter er nytta i produksjon av møbelstoff i Noreg, mens det ikkje er kartlagd bruk av okta-bromdifenyleter. Dei to stoffa har alvorlege helse- og miljøeffektar.

Forbod mot all bruk

SFT meiner forbodet mot dei to bromerte flammehemmarane er viktig for miljøet og at kostnadene for næringslivet vil vere lave. SFT foreslår å ta inn forbodet i forskrift av om avgrensingar i bruk m.m. av enkelte farlege kjemikal og at det tre i kraft i juli 2004.

Forslaget er gjennomføring av EU-direktivet om begrensning av markedsføring og bruk av visse farlige kjemikalier (penta-bromdifenyleter og okta-bromdifenyleter) (2003/11/EF).

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden