
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Eksterne lenker
- Forskrift om sikkerhet ved leketøy (Lovdata)
Åtvarar mot støyete leikepistolar
13.02.04 Ein stikkprøvekontroll av støyete leikar viser at testa kruttlappistolar har så høgt lydnivå at det kan skade høyrselen til barn. Det er forbode å selje leikar med så høg lyd, og SFT har pålagt dei aktuelle importørane og forhandlane å trekkje leikane frå marknaden.
Under kontrollaksjonen blei det plukka ut og testa rundt 50 leikar med lyd i fleire butikkar. Desse leikane blei testa med SFTs eigen støymålar.
Over vedtatte lydnivå
Ei lite utval på åtte leikar blei plukka ut og sendt vidare til eit akkreditert laboratorum i Sverige. Testen viste at fire av sju testa kruttlappistolar og ein walkie-talkie har lydnivå over vedtatte støygrenser: Støykrav for kruttlappistoler er 125 dB og for walkie talkie 90 dB. Desse leikane hadde verdiar på 128 til 144 dB og 124 dB.
Same resultat i 2002
- Resultatet for kruttlappistolane er skuffande sidan me fann dei same resultata i ein liknande kontrollaksjon for over eit år sidan, seier Marit Kjeldby, direktør for miljøoppfølgingsavdelinga i SFT. Produsentar, importørar og forhandlarar har plikt til å forsikre seg om at leikar dei omset er i tråd med regelverket.
Tvangsmulkt
SFT ser alvorleg på resultata og vil ha tilsendt skriftleg stadfesting frå dei aktuelle forhandlarane og importørane på at leikane er fjerna frå marknaden. I tillegg må dei sende dokumentasjon på korleis dei vil sikre seg at krava vil bli oppretthaldne i framtida. SFT vil ileggje dei tvangsmulkt dersom dei ikkje sender dette innan 1. mars.
Spør i butikken
Sidan SFT berre har gjennomført ein stikkprøvekontroll, ber SFT forbrukarane vere merksame på faren for høyrselsskader og spørje i forretningane om leikane er støytesta og held støykrava.
Desse forhandlarane hadde leikar med for høgt støynivå:
Importørar av leikar: Norstar, Sandefjord og J.L. Carlsen, Larvik
Forbod også i Sverige
Marknadsdomstolen i Sverige har forbode verksemda Top-Toys å selje kruttlappistolar med skadleg lydnivå. På pistolpakningane står det ofte at dei kun må brukast saman med visse typar kruttlappar. Dette er ikkje bra nok så lengje andre kruttlappar også passar. Ein kan ikkje vente at forbrukarane skal passe på det, meiner den svenske domstolen.
Slik SFT tolkar dommen, må alle kruttlappistolar overhalde støykrava uansett kva type kruttlappar som blir brukt i pistolen. Denne dommen blir sett på som ein siger for Konsumentombodsmannen og for mange barn, sidan den gjeld for heile EU.
Tema





