Til toppen av siden

Endra utsleppskrav ved oljelasting

19.01.04 SFT vil endre krava til luftutslepp som oppstår ved lasting av råolje offshore på felta Statfjord, Gullfaks, Draugen, Åsgard, Norne, Glitne, Balder, Jotun og Njord. Ein større del av oljen må omlastast med utsleppsreduserande teknologi i 2004 og 2005.

Samstundes får oljeselskapa forlengja innfasingsperioden for teknologi som skal redusere utsleppa frå 2006 til 2008. Reduksjon av utslepp frå petroleumsverksemda på norsk sokkel er eit viktig tiltak for å få ned utsleppa av flyktige organiske bindingar (NMVOC) i Noreg.

Internasjonale avtalar

Norge har inngått internasjonale avtalar som betyr at utsleppa av NMVOC skal reduserast med 30 prosent i høve til nivået i 1989, innan 1999. NMVOC-utslepp frå lasting av råolje til havs står i dag for mellom 45 og 50 prosent av dei norske NMVOC-utsleppa.

I følgje prognosar vil Noreg overhalde Geneveprotokollen først i 2006. Ei skjerping av krava for 2004 og 2005 og forlenging av innfasingsperioden til 2008 vil ikkje føre til endringar med omsyn til når Noreg oppfyller avtalen.

VOC

VOC består av klimagassen metan og NMVOC. NMVOC (None Methane Organic Compounds) er ei fellesnemning på flyktige organiske bindingar som saman med nitrogenoksider (NOx) dannar bakkenær ozon. Ozon er ein giftig gass som kan skade vegetasjon, materialer og helsa til folk.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden