Til toppen av siden

Opprydding i gruver i Meråker

15.01.04 SFT vil redusere avrenninga av tungmetall frå det gamle gruveområdet i Meråker i Nord-Trøndelag. Målet er å betre miljøtilstanden i Stjørdalselva. Nærings- og handelsdepartementet (NHD) har idag ansvaret for avrenninga frå gruva, og SFT vurderer å påleggje dei å iverksetje tiltak.

Gruveområdet i Meråker fører til forureining av Stjørdalselva, som er ei viktig lakseelv i Midt-Noreg. Det er rekna ut at det kvart år blir tilført kring 3 tonn kopar og 7 tonn sink frå Meråkerfeltet til Stjørdalselva. Målet er å redusere avrenninga av dei ulike tungmetalla med mellom 60 og 90 prosent i høve til kartleggingsperioden 1997 til 1998.

Lillefjell gruve

I Meråkerfeltet er det fleire gruver. Størst avrenning av tungmetall er det frå Lillefjell gruve. Den står for om lag 80 prosent av kopartilførslane til Stjørdalselva. Gruveavfallet i dette området er stort sett samla i to store veltar (haugar med avfallsmasse). Velteområda produserer sur avrenning med eit vesentleg innhald av tungmetall, og gruvevatnet er surt.

Handlingsplan gamal forureining

SFT utarbeidde i 1992 ein handlingsplan for arbeidet med gamle gruver. Handlingsplanen omfattar mellom anna konkrete delmål for forureining frå nedlagte gruver. Det er undersøkt over 100 mindre gruveområde, og for nokre få av desse er det sett i verk tiltak fordi dei forureina nærmaste vassdrag.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden