Til toppen av siden

Miljøgifter frå gamle avfallsdeponi

17.09.04 Ein ny rapport viser at fisk frå vatn som får sigevatn frå gamle avfallsdeponi har høge nivå av miljøgifter. Mattilsynet har generelle kosthaldsråd for ferskvassfisk og desse er ikkje endra på grunn av dei nye resultata.

Jordforsk har på oppdrag frå SFT samanstilt resultat om miljøgifter i fisk frå vatn som mottek sigevatn frå avfallsdeponi. Deponia inneheld blanda kommunalt avfall og er ikkje lenger i drift. Vatna er små, og sigevatnet har ikkje blitt særleg fortynna før det nådde fram til vatna.

I Miletjern (Nedre Eiker i Buskerud), Årungen (Ås i Akershus) og Steintjern (Marker i Østfold) er leverprøver av abbor, mort og gjedde samla inn og analyserte for miljøgifter
Tre fiskevatn undersøkt:
I Miletjern (Nedre Eiker i Buskerud), Årungen (Ås i Akershus) og Steintjern (Marker i Østfold) er leverprøver av abbor, mort og gjedde samla inn og analyserte for miljøgifter


Høge verdiar

Kostholdsråd for ferskvannsfisk

  • Gravide og ammende bør ikke spise
      - gjedde
      - abbor over ca. 25 cm
      - ørret over én kilo
      - røye over én kilo           
  • Andre personer bør ikke spise disse fiskeslagene mer enn én gang i måneden i gjennomsnitt.

Kostholdsråd for lever

  • Barn, kvinner i fruktbar alder og gravide bør ikke spise fiskelever eller pålegg laget av fiskelever          
  • Andre grupper i befolkningen bør begrense inntaket av fiskelever og pålegg laget av fiskelever          
  • Konsum av fiskelever fra spesielt forurensede havner og fjorder og ferskvann frarådes helt

Det blei målt høge verdiar av polyklorerte bifenyler (PCB), diklor difenyl trikloretan (DDT) og miljøgiftgruppa bromerte flammehemmarar (BFH). Leverprøvene inneheldt mest PCB og DDT, og nivåa var høgst i gjedde. Prøvene frå Steintjern peikar seg ut med låge konsentrasjonar, medan fiskelever frå Miletjern hadde dei høgste nivåa.

Sigevatn frå deponi årsaka

Andre undersøkingar av miljøgifter i ferskvassfisk frå vatn som ikkje får sigevatn frå deponi, har ikkje gitt tilsvarande høge nivå av miljøgifter. Resultata i denne undersøkinga tyder difor på at fisk i små vatn som får tilnærma ufortynna sigevatn frå avfallsdeponi får forhøga nivå av miljøgifter.

Tiltak forureina grunn

Dei tre aktuelle avfallsdeponia er med i SFTs kartlegging av forureina grunn i Noreg. Mile fyllplass er undersøkt og overvaka over fleire år. På Bølstad avfallsdeponi (ved Årungen) er det gjennomført nokre forureiningsavgrensande tiltak. Grensen stasjon for omlasting ved Steintjern er også kartlagt.

Oppfølging og tiltak retta mot gamle deponi er avhengig av graden av forureining.

Tiltak mot deponi i drift

Dei komande åra vil miljøstandarden på alle deponi som er i drift hevast. Det tok til å gjelde nye reglar om deponering av avfall i 2002. Alle deponi i drift skal tilfredsstille krav om dobbel botntetting og oppsamling av sigevatn. Ved nyttår vil SFT også ha klart eit nytt overvakingsprogram for utslepp frå avfallsdeponi.

Miljøgifter i elektrisk avfall

Elektrisk avfall inneheld bromerte flammehemmarar og fleire andre miljøgifter. Returordninga for elektrisk avfall er difor eit viktig tiltak for å hindre at slikt avfall endar på avfallsdeponi. Returordninga tek i dag hand om rundt 80 prosent av dette EE-avfallet.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden