
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Vurderer forbod mot PFOS
17.08.05 SFT vil i løpet av hausten stramme inn på bruken av miljøgifta PFOS i brannskum. Det fyrste målet er å stanse framleis bruk av kjemikal under brannøvingar.
- SFT har ein særskild handlingsplan mot PFOS.
- SFT følgde opp med ei landsdekkjande kartlegging. Resultata kom i mai i år.
- Sjølv om verdiane er låge, viser kartlegginga at stoffet er utbreidd i norsk natur. Dei høgaste verdiane finn vi i avrenning frå avfallsdeponi, i ferskvasssfisk og i torskelever.
- Ei undersøking blant gravide kvinner i Russland og i Bodø viste at 70 prosent av 20 kvinner fekk påvist PFOS i blodet.
Miljøvernstyresmaktene er svært urolege over førekomsten av PFOS i miljøet, fordi stoffet er giftig, svært lite nedbrytbart og blir oppkonsentrert i næringskjeda.
Mesteparten av PFOS i Noreg finst i brannskum som blir brukt i industrien.
Prioritert arbeid
Sidan februar har SFT kartlagt kor store mengder brannskum med PFOS som finst ute i dei ulike verksemdene.
Tala frå offshoreverksemda kom i juni. Resten av industrien har frist til 15. september med å rapportere tala sine.
- Når vi har alle tala på bordet, vil vi vurdere forbod, seier assisterande SFT-direktør Trond Syversen. Men vi er allereie i dialog med Petroleumstilsynet for å finne raskare løysingar som kan hindre utslepp av PFOS i offshoreindustrien, samtidig som tryggleiken på riggane blir vareteke, seier han.
Tema
