Til toppen av siden

Stoppar salet av regnjakke

29.07.05 Helly Hansen har gitt SFT melding om at dei stoppar salet av ei regnjakke som inneheld ftalat. Det er forbode å importere, produsere eller omsetje sped- eller småbarnsprodukt med ftalat dersom det er pårekneleg at barn under tre år kan suge eller tyggje på dei.

Torsdag pekte SFT på Helly Hansen si plikt til umiddelbart å stanse salet av det forbodne produktet. SFT bad samtidig verksemda varsle forhandlarane sine om at småbarnsprodukt med ftalat er ulovlege og at dei umiddelbart må takast ut av omsetning. Helly Hansen blei varsla om tvangsmulkt på 100.000 kroner dersom dei ikkje har sendt SFT ein skriftleg dokumentasjon som viser at forholdet er retta innan 5. august.

Stoppar salet også av sydvest

Helly Hansen opplyser at dei no stoppar salet av regnjakka Kids New PU Jacket 40041 og sydvesten (Souwester) 43727 i storleikane 86, 92 og 98. Det er ikkje påvist spor av ftalat i sydvesten, men dei vel å stoppe salet då han er laga av same type PU-material som regnjakka.

Helly Hansen har oppretta ein forbrukartelefon:

  • Eventuelt uroa forbrukarar kan kontakte Rebekka Strohschein,
    mobil 958 56 005
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden