
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les mer
Miljøstatus i Norge
Relaterte tema:
Eksterne lenker
Stofflista er revidert
31.10.05 Rundt 900 stoff i stofflista får ny eller endra klassifisering frå 31. oktober 2005. Revisjonen medfører at mengda norske unnataksstoff er redusert frå 12 til 10.
Stofflista
- Informasjon om ca. 3500 stoff. Farlege stoff skal ha merke i samsvar med føresegnene gitt i stofflista. Dersom eitt eller fleire stoff som inngår i stoffblandinga er oppført i lista, skal den oppgitte klassifiseringa nyttast.
- Er ein del av forskrift om klassifisering og merking av farlege kjemikalie.
- Den norske stofflista er utarbeidd for å oppfylle forpliktingane i EØS-avtalen. Stofflista på Internett vert fortløpande oppdatert.
- Noreg har framleis . Desse er klassifiserte annleis enn i EU.
Norske forskrifter blir reviderte jamleg for å oppfylle forpliktingane i EØS-avtalen. Revisjonen av stofflista er ei implementering av EU sitt direktiv 2004/73/EF, som er den 29. tekniske tilpassinga til rådsdirektiv 67/548/EØF om klassifisering, merking mv. av farlege stoff.
Gjeld frå 31. oktober
Endringane i vedlegg VI, stofflista med forklaring, vil tre i kraft 31. oktober 2005. Dette er også implementeringsfristen i EU.
Revisjonen inneber endring av note K, og at ca. 900 stoff får ny eller endra klassifisering. Andre endringar, som endringar av språkleg karakter og endringar som følgje av at YL-forskrifta er opphevd, trødde i kraft 1. juli 2005.
Endringar i forskrifta
Av dei 900 stoffa som har endra eller ny klassifisering er spesielt:
- Kadmiumsulfid og benzo[a]pyren: Stoffa har til no vore norske unnataksstoff då Noreg har klassifisert desse stoffa strengare enn i EU med omsyn til kreftframkallande eigenskapar. No har EU vedteke same strenge klassifiseringa som Noreg, og klassifiseringa er harmoniserte.
Revisjonen har vore utført av følgjande styresmakter:
- Direktoratet for arbeidstilsynet (DAT)
- Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
- Petroleumstilsynet (Ptil)
- Klima- og forureiningsdirektoratet
- Benzylbutylftalat (BBP): Noreg har vore ansvarleg for dokumentasjonen for dette stoffet i programmet for vurdering av eksisterande kjemikal i EU. Vi fekk gjennomslag i EU for klassifiseringsforslaget vårt som omfattar mogleg fare for forplantningsevna og kan gi fosterskadar, i tillegg til miljøklassifisering.
- Triklosan: Stoffet er eit norsk klassifiseringsforslag. Forslaget blei utarbeidd på grunn av uro for miljøeffektar. Stoffet blei klassifisert med strengaste miljøklassifisering og spesifikke lågare konsentrasjonsgrenser, i tillegg til at det er irriterande for auge og hud.
Tema
