Til toppen av siden

Kontrollerer avfallsdeponi

12.09.05 Kvart år kjem 100.000 tonn farleg avfall på avvegar. Fylkesmannen, i samarbeid med SFT, gjennomfører i haust ein landsdekkjande aksjon ved landet sine avfallsdeponi.

- Mottakskontroll er ein nøkkel til at forskjellige typar avfall kjem til rett behandling. Målet er å redusere avfall på avveg og sørgje for at det farlege avfallet blir forsvarleg behandla, seier SFT-direktør Håvard Holm.

Kontroll av deponi

- Miljøvernstyresmaktene set krav til drift av deponi for å sikre forsvarleg handtering av avfallet som blir levert. Kontrollane skal avdekkje om deponia blir drivne i samsvar med løyva. Det er til dømes krav til kor mykje deponiet kan ta imot av einskilde avfallsfraksjonar og kva for rutinar som skal følgjast ved mottak av avfall.

Oppfølging av tidlegare aksjonar

Farleg avfall

  • Det oppstod ca. 794.000 tonn farleg avfall i Noreg i 2003.  
  • Ca. 100.000 tonn blei ikkje behandla i samsvar med regelverket.  
  • Frå 2003 er impregnert trevirke klassifisert som farleg avfall. Impregnert trevirke utgjer ca. halvparten av dei 100.000 tonna farleg avfall som kan vere handterte ulovleg i 2003.

Kontrollaksjonen er ei oppfølging av tidlegare aksjonar som har vore retta mot mottaka for farleg avfall og næringslivet si behandling av farleg avfall i eiga verksemd.

- Store mengder farleg avfall oppstår kvart år og miljøvernstyresmaktene sin strategi er å følgje dette tett, seier SFT-direktør Håvard Holm.

Deponi som skal stengje

Kontrollaksjonen er retta mot alle deponi, både dei som skal stengjast om kort tid og dei som har løyve til å drive framover. På deponia som skal avsluttast vil kontrollane hovudsakleg fokusere på mottakskontroll og framdrift i avslutningsplan.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden