Til toppen av siden

Foreslår påbod om biodrivstoff

07.04.06 SFT foreslår at det vert innført eit omsetjingspåbod for biodrivstoff. Frå 2007 bør dei som sel drivstoff påleggast at 2 prosent av volumet skal vere biodrivstoff, stigande til 4 volumprosent i 2010.

Biodrivstoff

  • Kan både erstatte bensin og diesel heilt eller delvis
  • Er plante- eller animalske oljer, alkohol, syntetisk eller gass
  • Sidan det vert produsert av biologisk materiale, gjev det ikkje netto utslepp av klimagassar
  • Noreg har store uutnytta biomasseressursar som kan nyttast til framtidig produksjon av biodrivstoff.

Miljøverndepartementet bad i fjor SFT utarbeide eit lovforslag som stiller krav til leverandørar av drivstoff om omsetjing og/eller innblanding av biodrivstoff. Vi vart og beden om å vurdere ytterlegare avgiftsintensiv for biodrivstoff og sjå på eit ambisjonsnivå i tråd med måla til EU.

Forslaget er utarbeida av SFT, med innspel frå Vegdirektoratet.

Omsetjingspåbod for biodrivstoff

SFT foreslår at det vert innført eit omsetjingspåbod for biodrivstoff og at dette vert innarbeida ved ei endring i reglane om drivstoffkvalitet i produktforskrifta. Påbodet vert utforma slik at 2 volumprosent av total omsetjing til vegtrafikk i 2007 må vere biodrivstoff. Påbodet skal gjelde oljeselskap og andre som sel drivstoff, og kravet skal stige til 4 prosent i 2010.  

SFT meiner at dette vil vere det mest kostnadseffektive verkemiddelet. Ein kan oppnå målet ved innblanding av biodrivstoff i standard bensin og diesel aleine.

Avgiftsfritak

Noreg har allereie innført fullt avgiftsfritak for CO2-avgift og drivstoffavgift for rein biodiesel og den delen biodiesel som vert blanda inn i ordinær diesel. SFT foreslår at alle biodrivstoff vert handsama likt. Derfor bør og etanol og andre biodrivstoff få eit tilsvarande avgiftsfritak.

Reduserte utslepp av klimagassar

Klimapanelet til FN (IPCC) har konkludert med at landa må redusere sine utslepp med 50 til 80 prosent innan 2050 for å hindre at den globale oppvarminga blir større enn 2 grader celsius. SFT meiner biodrivstoff er eit viktig tiltak for å få til dette fordi transportsektoren står for ein vesentleg del av norske klimautslepp. Det vil vere mogleg å auke bruken av biodrivstoff etter kvart som ny teknologi for produksjon av biodrivstoff og tekniske standarder for biodrivstoff vert vidareutvikla.

SFT foreslår derfor at det vert arbeida vidare med å vurdere eit høgare ambisjonsnivå for bruk av biodrivstoff, og nødvendige verkemiddel for å få gjennomført dette.

Forslaget til SFT vil medføre at:

  • Utsleppe av klimagassar vert redusert med 160 000 tonn i 2007 og 320 000 tonn i 2010. I 2010 svarer dette til 0,58 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg.
  • 80 millionar liter biodrivstoff vert omsett i Noreg i 2007 og 160 millionar liter i 2010.
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden