Til toppen av siden

Mindre klimagassar frå aluminiumsverk

07.04.06 Utsleppa av klimagassar frå aluminiumsindustrien vart redusert med 62 prosent frå 1990 til 2005. Reduksjonsmålet var 55 prosent. Utsleppa er vesentleg redusert i ein periode der produksjonen har auka med 60 prosent.

I 1997 underteikna Miljøverndepartementet ei avtale om at aluminiumindustrien skulle redusere utsleppa frå elektrolyseproduksjon og frå anodeproduksjon med 55 prosent per tonn faktisk produsert primæraluminium (målt i CO2-ekvivalentar) innan slutten av 2005.

Sju aluminiumsverk

Hydro sine fire aluminiumsverk i Høyanger, Karmøy, Sunndal og Årdal, Elkem sine to verk i Lista og Mosjøen, og Sør-Norge Aluminium sitt verk i Kvinnherad var omfatta av avtala, som gjaldt karbondioksid (CO2) og to perfluorgassar (CF4 og C2F6).

Produksjon av aluminium og spesifikke utslipp av klimagasser i perioden 1990-2006

Klimagassar: Produksjon av aluminium og utslepp av klimagassar i perioden 1990-2005.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden