Til toppen av siden

Beste statlege nettstad

02.12.06 Noreg.no har kåra nettstaden til SFT til den beste statlege nettstaden i Noreg i 2006. Juryen trekkjer fram at temaoversikta og dei tre målgruppeinngangane gjer sft.no brukarvenleg. Dei legg vekt på at nettstaden har gode nøkkelord i temastrukturen som aukar tilgangen til informasjonen som finst på sidene.

Juryen saknar elektroniske skjema som kan fyllast ut av brukarane på sjølve nettstaden, men trekkjer fram at SFT har lagt ut ulike skjema som kan lastast ned. Juryen ser det som særleg positivt at så mange av desse føreligg på både bokmål og nynorsk.

Ny nettstad ei satsing over tid

SFT fekk nye nettsider 3. november i år. Prosjektleiar for dei nye nettsidene, Reidar Evensen, mottok prisen frå Noreg.no på vegne av SFT.

- Leiinga i SFT ser dette som eit resultat av satsing over tid, og me er stolte av det gode nettmiljøet me har klart å byggje i etaten, seier informasjonsdirektør Elisabeth Ørving.

SFT mottok prisar for sft.no både i 2002 og 2004.

På topp også i anna kvalitetsvurdering

I ei anna kvalitetsvurdering av 691 offentlege nettstader kjem sft.no og nettstaden til Høgskulen i Bergen på topp. I vurderinga har Noreg.no nytta 34 ulike indikatorar knytt til i kva grad nettstadene er tilgjengelege, brukarvenlege og nyttige for brukarane.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden