Til toppen av siden

Tek ikkje Nucula-klage til følgje

20.12.06 SFT sitt løyve til Hydro ved leiteboring i Nucula-strukturen i Barentshavet vart påklaga. SFT meiner klaga ikkje gjev grunnlag for å endre vedtaket og oversender ho til Miljøverndepartementet for endelig vedtak.

SFT gav i november Hydro løyve å sleppe ut enkelte stoff og borekaks frå topphol til sjøen ved leiteboring i Nucula-strukturen (7125/4-1 i PL393). Leitebrønnen ligg 44 kilometer frå land nordvest av Knivskjellodden og Nordkapp i Finnmark. SFT stilte særleg strenge krav til vernebuing mot akutt forureining.

I tråd med føringar frå Stortinget

SFT meiner løyvet er i tråd med føringar Stortinget har lagt for petroleumsverksemd i Barentshavet. Boring i oljeførande lag vil vere innanfor det gjevne boretidsvindauget for området. Stoffa som vil sleppe ut til sjøen, har ingen eller svært liten negativ miljøeffekt.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden