Til toppen av siden

Mindre tungmetall, meir næringssalt

16.02.06 Norskekysten blir tilførd stadig mindre miljø- og helseskadelege tungmetall. Derimot aukar tilførsla av næringssalt som kan gi algeoppblomstring og dårlegare levekår for fisk og skaldyr.

Sidan 1990 har miljøvernstyresmaktene målt tilførsler av næringssalt og miljøgifter til norske havområde. Dei siste resultata frå 2004 stadfestar ein jamn reduksjon av tungmetalla kadmium, kopar, nikkel, bly og sink i norske elvar frå elvetilførselsprogrammet starta.

Strengare miljøkrav

Elvetilførselsprogrammet

  • Den norske rapporten til elvetilførselsprogrammet for 2004 er laga av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) på oppdrag frå SFT.  
  • Han er basert på målingar i 46 elvar, samt berekningar av direkteutslepp til sjø frå industri, kommunale reinseanlegg og fiskeoppdrett.

Årsaka til at kysten blei tilførd mindre tungmetall i 2004 enn i 1990, er etter alt å døme strengare nasjonale og internasjonale miljøkrav. Eit vesentleg tiltak har vore utfasinga av blyhaldig bensin i Noreg og andre land. Utslepp av tungmetall er også redusert gjennom krav til industrien, kommunale avløp og ved utfasing av giftige stoff i produkt.

Auka forureining frå næringssalt

Dei totale tilførslene av næringssalt som fosfor og nitrogen til norskekysten har derimot auka noko frå 1990 til 2004. For mykje næringssalt kan gi dårlegare levekår for fisk og skaldyr, og føre til hyppigare oppblomstringar av skadelege algar. Auken skjer sjølv om nye tilførsler frå jordbruk, reinseanlegg og industri truleg har gått ned dei siste åra. Auken kan skuldast mildare vintrar med auka avrenning frå landareal, endra bruk av landareal og meir fiskeoppdrett.

Årleg vurdering av tilstanden

Elvetilførselsprogrammet inneber ei årleg vurdering av tilførsler via vassdrag, arealavrenning og direkte utslepp av forureining til kyst- og havområde som blir omfatta av Oslo-Paris-konvensjonen (Ospar). Programmet blir gjennomført av alle land med kystlinje til det nordaustlege Atlanterhavet. Ved å dokumentere utviklinga over tid, kan forskarar og styresmakter vurdere samanhengen mellom miljøpåverknad, miljøtiltak og miljøtilstand.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden