
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Miljøstatus i Norge
Relaterte tema:
Reduserer miljøavgift på skulemjølk
17.02.06 1. januar 2006 vart det innført miljøavgift på all drikkevareemballasje. Meieriprodusenten Tine BA har søkt SFT om eiga returordning for skulemjølkkartongar. Ettersom skuleelevar er flinke til å returnere kartongane, vil SFT godkjenne ordninga og gje denne type kartongar ei lågare miljøavgift allereie frå 1. mars i år.
1. januar 2006 vart det innført miljøavgift på all drikkevareemballasje. SFT godkjenner returgrad for innsamla emballasje og Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD) vedtek tilsvarande reduksjon av miljøavgifta. Det vil ta noko tid før Tine BA kan dokumentere returgrad for skulemjølkkartongar og SFT vil få dokumentasjon frå meieriprodusenten i ettertid.
Surt for skulemjølka
Avgifta avhengig av returprosenten
- Målet med miljøavgifta er å få ein høgare returprosent.
- Kartongavgifta fell bort i sin heilskap om så mykje som 95 prosent av alle kartongar vert samla inn for gjenvinning.
- I dag er det berre 65 prosent av drikkekartongane som vert samla inn og gjenvunne.
Meieriprodusenten Tine BA synest miljøavgifta fell uheldig ut for skulemjølkordninga, men Finansdepartementet meiner det er opp til bransjen sjølv å lage returordningar som syt for at innsamlinga aukar tilstrekkeleg. Tine har derfor søkt SFT om eiga returordning for ordninga med skulemjølk.
Skyll, brett, stapp og returner
- Det er viktig at barn framleis skyller, brettar, stappar og returnerer dei tomme drikkekartongane. Avgifta vil falle heilt bort når Tine kan dokumentere at meir enn 95 prosent av emballasjen vert returnert, seier seksjonssjef Kari Aa i avfallsseksjonen i SFT.
Avgifta dekker kostnadane ved forsøpling
Tidlegare hadde mjølkeprodukt unntak frå miljøavgifta fordi desse produkta stort sett vart drukke heime og ikkje hamna som avfall i naturen. Endra produkt og drikkevaner har gjeve grunnlag for å innføre avgifta, som skal dekke kostnadane ved at slik emballasje no hamnar som søppel i naturen. Målet med avgifta er å få fleire til å brette, stappe og returnere dei tomme drikkekartongane.
Tema
