
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Daletec AS meldt til politiet
12.01.06 SFT har meldt Daletec AS (tidlegare Dale AS) i Vaksdal kommune i Hordaland til politiet etter fleire utslepp av prosessvatn. Vatnet inneheldt mellom anna lut og fargestoff. Eit av utsleppa førte til omfattande fiskedaud i Daleelva i september i fjor.
- Daleelva er ei viktig lakse- og sjøaureelv, og det gjer at SFT ser særleg alvorleg på hendinga, seier SFT-direktør Håvard Holm.
Fiskedaud i Daleelva
Lut er sterkt basisk og har akutt etsande effekt på menneske, fisk og dyr. Utsleppsvatnet frå eit av utsleppa inneheldt lut, hadde ein pH på 12 og heldt ca. 50 grader. Dale Jakt- og Fiskarlag har opplyst til SFT at dei plukka opp 860 daude lakseyngel i eit område frå utsleppsstaden og 200 meter ned i elva. Den oppsamla fisken hadde kvite auge og skadar på slimlag, noko som klart indikerer etseskadar på grunn av høg pH.
Tre utslepp på ein månad
I alt årsaka Daletec tre ukontrollerte utslepp i Daleelva i august og september 2005. SFT har valt å melde Daletec til politiet for to av utsleppa.
I samband med utsleppa konstaterer SFT fleire brot på utsleppsløyva til Daletec AS. Utsleppa er i seg sjølve brot på løyvet, og i tillegg er det store manglar knytt til vurderinga av risikoen og kontrollen knytt til utbetringa av avlaupsleidningen.
Tema
