Til toppen av siden

Stoppar åtte badeleiker

06.07.06 SFT har gjennomført ein stikkprøvekontroll av oppblåsbare badeleiker. Resultata syner at mange av leikene inneheld forbudte ftalat. SFT ber derfor fem importørar om å trekkje totalt åtte produkt frå markedet.

Ftalat i produkt

  • Ftalat vert brukt som mjukgjørarar for plast, særleg PVC.
  • Det er umuleg å slå fast innhaldet av ftalat i eit produkt ved å kjenne på det.
  • Produktet må analyserast i eit laboratorium for å avgjere innhaldet av ftalatar.

Ønsker å utvide forbudet

  • SFT har foreslått å utvide forbudet mot ftalat, slik at dei tre mest urovekkande ftalata vert forbudt i leiketøy retta mot barn opp til 14 år.
  • Forslaget er i tråd med EUs regulering, og det vil tre i kraft 1. januar 2007.
  • For tre andre ftalat inneber forslaget eit forbud mot ftalatar i leiketøy og småbarnsprodukt som det er påregneleg at barn vil suge eller tyggje på.

SFT kontrollerer med jamne mellomrom mjuke plastprodukt meint for små barn. Både i 2005 og nå i 2006 har SFT undersøkt oppblåsbare badeleiker.

Resultatet frå kontrollen

Av dei 18 produkta som vart kontrollert i 2006, var det berre 3 som ikkje inneheldt ftalat.

SFT fann at 8 av badeleikene retta mot dei yngste barna inneheldt ftalat, og tilsynet vil be importørane om å stoppe salet av desse produka i Noreg.

Sjå bilete av produkta.

- Det er skuffande at produsentane og importørane av produkt retta mot barn ikkje overheld regelverket. Særleg nedslåande er dette med tanke på SFT si aktive oppfølging av bransjen gjennom fleire år, seier sjefingeniør Maren Wikheim i Statens forureiningstilsyn.

Forbudt for dei minste

Ftalat er i dag kun forbudt i produkt retta mot dei minste barna (opp til 36 månader). Det er fyrst og fremst når barna syg og tygg på leikene at stoffa lekker ut til omgjevnadene.

Det er i hovudsak små barn som syg og tygg på ting, og dette er grunnen til at forbudet mot ftalat berre gjeld produkt retta mot barn i aldersgruppa 0 - 3 år.

SFT sitt klare råd er derfor at barn under 3 år ikkje brukar badeleiker som er mynta på eldre barn.

- Storebror må få ha badekrokodillen sin i fred, seier Wikheim.

Ingen akutt helserisiko

Vanleg bruk av produkta inneber normalt ingen risiko. Det er heller ingen akutt risiko for helseskade ved å tygge på eit produkt som inneheld ftalat. Likevel er det så mange urovekkande langtidseffektar på helse og miljø knytt til desse stoffa at det er viktig å unngå ftalat i produkt retta mot små barn.

- Be om informasjon

Som forbrukar har du krav på informasjon etter produktkontrolloven. SFT oppfordrar forbrukarane til å stille krav til produkta dei kjøper. Du kan spørje i butikken om produktet inneheld ftalater.

- Det er importørane og forhandlarane som har ansvaret for at eit produkt ikkje inneheld helse- og miljøskadelege stoff. Det er derfor viktig at forhandlar og importør har god kunnskap om varene dei sel, avsluttar Wikheim.


Bilete: Badering

Bilete: Oppblåsbart basseng

Bilete: Badesete

Bilete: Badering

Bilete: Oppblåsbar båt

Bilete: Armringar

;
Bilete: Badering

 
Bilete: Armringar
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden