Til toppen av siden

Høge returtall gjev lågare miljøavgift

30.06.06 Forbrukarane returnerte fleire flasker og boksar i fjor enn tidligare år. SFT er nøgd med at den positive utviklinga til retursystema held fram.

SFT er særleg nøgd med at Norsk Returkartong AS kan syne fram resultat som ligg langt over dei returtala som var forventa for retur av skulemjølkemballasje i 2005. Plastretur AS sitt retursystem for drikkevareemballasje, som har vore i drift ein kort periode, syner også lovande resultat. Dei etablerte returordningane held framleis eit jamnt høgt innsamlingsnivå.

Årlege returtal

SFT fastset kvart år eit prosenttal for forventa innsamling frå kvar enkelt returordning. Dette vert gjort på bakgrunn av returtala frå året før, samt andre opplysningar som kan påverke innsamlingsgraden for komande år. Høgare returgrad gjev lågare miljøavgift for medlemmar i ordninga. Det er med andre ord mykje å spare på å samle inn emballasje. Ein returgrad på minst 95 prosent gjev fritak for avgifta.

Slepp miljøavgift

Både Bryggeriforeningen, Ringnes AS og Askim frukt og bærpresseri BA har synt fram gode innsamlingsresultat og høge returtal over fleire år. Desse har også for 2006 fått fastsett ein returgrad på 95 prosent og kvalifiserer dermed framleis for avgiftsfritak.

Retursystem

Returgrad for 2006 i prosent

Merknad

Bryggeriforeningen

95

 

Norsk Resirk AS

- boks

92

Sett ned 1 prosent

 

- eingongs PET

82

Auka med 2 prosent

Norsk Glassgjenvinning AS

90

 

Norsk Returkartong AS

65

 

Norsk Returkartong AS TINE BA skulemjølk

90

Auka med 15 prosent

Plastretur AS

50

Auka med 10 prosent

Wiederøes Flyveselskap ASA

40

Auke med 25 prosent

SAS Braathens ASA

83

Sett ned 2 prosent

Askim Frukt og Bærpresseri AS

95

 

Ringnes AS (restaurantflasker)

95

 

 

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden