
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Enda enklare å finne regelverket
08.05.06 Ved å taste inn organisasjonsnummer på Regelhjelp.no, får verksemder informasjon om dei viktigaste krava for sin bransje. I samarbeid med Einingsregisteret i Brønnøysund har nettstaden etablert denne tenesta som gjer det enda enklare for verksemder å finne fram til regelverket.
Eit enklare Noreg
- Regelhjelp.no er ein del av handlingsplanen for eit enklare Noreg, som mellom anna seier at næringslivet på ein enkel og hensiktsmessig måte skal få relevant og aktuell informasjon om pliktar og rettigheiter som gjeld for den enkelte verksemd.
- Det er vesentleg at verksemder kan finne fram utan å måtte kjenne til korleis forvaltninga er organisert. Elektronisk samhandling og samordna informasjon frå fleire etatar inngår i måla for Regelhjelp.no.
Regelhjelp.no skal gjere det enklare for verksemder å finne fram til krava som er viktigast for dei. Informasjonen er organisert bransjevis, og krava er prioritert. Brukarar på nettstaden vel bransje, og får informasjon tilpassa den bransjen verksemda er ein del av.
Samarbeid på tvers
Nå er ei ny teneste lansert: Ved å skrive inn organisasjonsnummer, får verksemda raskt opp sin bransje med tilhøyrande krav. Når organisasjonsnummer er tasta inn, vert opplysningar henta direkte frå Einingsregisteret, slik at brukaren får beskjed om kva bransje verksemda er registrert i.
På Regelhjelp.no finn brukaren dermed direkte fram til dei krava som gjeld for bransjen. Brukaren kan også enkelt gå inn og sjå sine opplysningar slik dei er registrert i Einingsregisteret, og endre eller oppdatere desse opplysningane.
Gjer kvardagen enklare for næringslivet
Tenesta er eit ledd i arbeidet med å gjere kvardagen enklare for næringslivet. Ho er eit eksempel på korleos informasjonsutveksling mellom etatar kan gjere ting enklare.
Bransjevis informasjon
Regelhjelp.no gjev bransjevis informasjon om kva for krav som gjeld for verksemder. Nettstaden vart lansert i september 2005 - da med informasjon for ti bransjar. I laupet av 2006 kan i overkant av 30 bransjar finne informasjon om sitt regelverk. Innen utgången av 2007 skal nettstaden omfatte alle bransjar.
Fem etatar står bak Regelhjelp.no:
- Arbeidstilsynet
- Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
- Mattilsynet
- Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO)
- Klima- og forureiningsdirektoratet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) finansierer nettstedet.
Tema
