Til toppen av siden

Følgjer opp ulovleg forureining

18.05.06 SFT meldte i fjor åtte saker til politiet. Sju var brot på forureiningsloven, mens ei var brot på kjemikalieregelverket i produktkontrolloven. Tvangsmulkt er det verkemiddelet SFT nyttar mest for å stanse ulovleg forureining.

Meldt etter utslepp av miljøgifter

  • Ei alvorleg forureiningssak som SFT meldte til Økokrim i 2005, var utsleppet av miljøgifter frå Norsk Metallfragmentering AS i Gjøvik.
  • Føretaket vart meldt for gjentekne utslepp til ein bekk som renn ut i Hunnselva, og så vidare ut i Mjøsa.
  • Naturen rundt utsleppsområdet fikk unormalt høge verdiar av bromerte flammehemmarar og vart sterkt forureina av tungmetall som kadmium og kvikksølv.

- SFT fører tilsyn med eit omfattande regelverk. Vi avdekkar årleg fleire hundre lovbrot. Dei fleste er mindre brot som verksemdene rettar opp innan kort tid. Dei mest alvorlege sakene melder vi til politiet, seier SFT-direktør Håvard Holm.

I tråd med Økokrim sine anbefalingar

- Vår praksis er i tråd med Økokrim sine anbefalingar, men vi diskuterer med jamne mellomrom om vi nyttar dette verkemiddelet ofte nok, seier SFT-direktør Håvard Holm.

Straff har ein klar allmennpreventiv verknad. Det er kjent i bransjane som arbeidar med avfall, forureining eller produkt, at SFT melder brot på regelverket til politiet. Dette aukar etterlevinga av lovverket.

Nyttar tvangsmulkt aktivt

Tvangsmulkt er eit anna verkemiddel som skal gi lovbrytaren eit ekstra press til å rette opp ulovlege tilhøve innan ein frist. Tvangsmulkta forfell til betaling om fristen vert overskriden. Storleiken på mulkta vert sett slik at det ikkje skal lønne seg å fortsette det ulovlege tilhøvet. Tvangsmulkt kan settast til fleire millionar kroner.

Vanlegvis vert dei fleste lovbrot retta opp etter at verksemder er varsla om tvangsmulkt. I fjor sendte SFT rundt 250 brev til verksemder med påpeking av kva for plikt som var broten, saman med ein frist for å rette opp tilhøvet. Vi gav i 2005 rundt 50 tvangsmulkter til verksemder som ikkje meldte tilbake at brota var retta opp. Av desse vart 45 av tilhøva retta opp innan fristen. Resultatet vart derfor fem saker der tvangsmulkta forfall til betaling.

Kan stoppe produksjonen

Har ei verksemd høge utslepp i strid med løyvet, kan SFT pålegge verksemda å stoppe produksjonen. Om pålegget ikkje vert fulgt, kan SFT vedta gjennomføring umiddelbart. Det inneberer at forureiningsmyndigheitene betaler tiltaka, men sender refusjonskrav til den ansvarlege.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden