Til toppen av siden

Kontrollerer små verksemder

29.05.06 Fylkesmannen og SFT kontrollerer nå små verkstadar, plastbåtprodusentar, renseri og plast- og gummiindustrien. Forureiingsmyndigheitene er på jakt etter det farlege avfallet og vil også kartlegge bruken av kjemikaliar.

Fylkesmennene og SFT gjennomfører den landsdekkande aksjonen frå 29. mai til 20. juni 2006.

Farlege kjemikaliar

Alle verksemder som brukar farlege kjemikaliar, må ha oversyn over desse. Dokumentasjonen, som for eksempel oppdaterte HMS-datablad, kan verksemdene bruke til å vurdere risikoen ved kjemikaliane og om dei kan ta i bruk eit mindre farleg kjemikalie i produksjonen

Om verksemda sjølv importerer kjemikaliar, må dei ansvarlege vurdere om kjemikaliane skal meldast til Produktregisteret for deklarasjon.

Farleg avfall

Det er strenge krav til forvaring, levering og dokumentasjon for å kunne spore kvar det farlege avfallet endar opp. Riktig handtering sikrar at farleg avfall blir tatt hand om og endar ein stad der det ikkje skadar helse og miljø.

Brot på regelverket

I 2003 kontrollerte forureiningsmyndigheitene korleis 250 verksemder i verkstad- og renseribransjane handterte farleg avfall. Da var det for mange brot på regelverket.

Om SFT nå finn nye brot på regelverket, vil verksemdene få ein kort frist til å rette opp forholda. Fylkesmannen og SFT kan vedta tvangsmulkt for dei som ikkje ordnar opp. Alvorlege brot vil vi melde til politiet.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden