
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Stabil helsetilstand for norsk skog
04.05.06 Helsetilstanden til trærne i norsk skog har vore nokså stabil sidan 1997, bortsett frå ein svak nedgong i kronetettleiken til gran og furu i 2005.
Det årlege Overvåkingsprogrammet for skogskadar syner at helsetilstanden til norsk skog er stabil. Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) samordnar programmet på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og forureiningsdirektoratet. I tillegg til Skogforsk deltek Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS), Norsk institutt for luftforskning (NILU), Fylkesmennenes landbruksavdelingar og skogbrukssjefane i kommunane.
Helsetilstanden til skogen vert i stor grad påverka av vêrforhald som tørke, frost og vind. Langtransporterte luftforureiningar kan kome i tillegg til, eller verke saman med, klimatiske forhald. Det vart ikkje registrert noko unormalt skadeomfang i norske skogar knytta til dette i 2005.
Tema
