Til toppen av siden

Tekstilar inneheld PFAS

09.05.06 Allvêrstekstilar inneheld perfluorerte sambindingar (PFAS), men nivåa av den farlege sambindinga PFOS er svært låg. Dei låge verdiane skuldast truleg at kjemikaliet ikkje vart tilsett tekstilane under produksjon. SFT arbeidar for å auke kunnskapen om helse- og miljøeigenskapar ved desse stoffa.

PFOS er ein type PFAS

  • Perfluoralkylstoffar (PFAS) er samlenemninga på ei gruppe kjemiske sambindingar som inneheld perfluoralkylgrupper.  
  • Stoffane let seg verken løyse opp i feitt eller i vatn.  
  • Blant PFAS har det vore mest fokus på dei svovelhaldige sambindingane, særleg dei med karbonkjedelengd åtte, perfluoroktylsulfonatsambindingar (PFOS-relaterte sambindingar).

SFT har fått undersøkt innhaldet av 27 ulike perfluorerte sambindingar (PFAS) i utvalte tekstilar. Allvêrstekstilar til både vaksne og barn vart undersøkt, og det vart tatt prøve av ein smuss- og vatnavstøtande duk. Analysane syner innholdet av ekstraherbare fluorsambindingar i prøvene, og ikkje fluorsambindingar som er kjemisk bunde i bærelaga til tekstilane.

Stabile sambindingar

PFAS er generelt svært stabile sambindingar med unike kjemisk-fysiske eigenskapar. Vi veit i dag lite om helse- og miljøeigenskapane, med unntak av PFOS og PFOS-relaterte sambindingar.
SFT vil samarbeide med tekstilbransjen om moglegheiten for å få bytta ut bruken av PFAS med andre stoff. Miljøverndepartementet har bede SFT om å utrede eit forbod mot PFOS i tekstilar, impregneringsmiddel og brannskum. 

Auke kunnskapen

Alle dei analyserte tekstilane inneheld fluortelomeralkoholer. Kunnskapen om helse- og miljøegeinskapane til desse sambindingane må aukast. SFT vil derfor spørje Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Nasjonalt folkehelseinstitutt om ein litteraturstudie av helse- og miljiøeigenskapar ved mellom anna fluortelomeralkoholar.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden