
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Eksterne lenker
40.000 kroner for ulovleg isfjernar
02.03.06 Ein importør i Fredrikstad har vedteke eit førelegg fra Østfold politidistrikt på 40.000 kroner for omsetjing av ein giftig og umerka isfjernar. Isfjernaren, som inneheldt 70 prosent metanol, vart funnen under ein SFT-kontroll av forbrukarprodukt i 2005.
Viktig med riktig faremerking
- Det er svært viktig at emballasjen til farlege kjemikaliar, samt kjemikaliar som er omfatta av særlege krav til merking, har riktig faremerking.
- Merkinga er viktig informasjon til forhandlarar og forbrukarane, og sikrer at desse kan ta forholdsreglar for å ivareta eigen og andre si sikkerheit ved sal og bruk av kjemikaliet.
SFT bad importøren og forhandlaren om å stanse salet med ein gong, tilbakekalle produkta og gje informasjon til forbrukarane om at produktet var giftig.
Giftige produkt til private forbrukarar forbode
SFT meldte saka til politiet fordi importøren ikkje hadde merka produktet riktig og for at dette seinare førte til sal av eit giftig produkt til private forbrukarar. SFT la til grunn at importøren burde forstått av innhaldsoversikta på boksen at produktet skulle ha vore merka med farebeteiknet for giftige produkt.
Verksemda importerer produkt som er mynta på videresal til forhandlarar, som primært har private forbrukarar som kundekrets. Importøren burde dermed ha forstått at det giftige produktet ville verte selt vidare til private forbrukarar.
![]() |
Isfjernar: Ein importør i Fredrikstad er straffa med eit førelegg på 40.000 kroner for brot på både aktsomheitsplikta i produktkontrollova og for manglande faremerking av isfjernaren. SFT er godt nøgd med Østfold politidistrikt si oppfølging av saka. Foto: SFT. |
Tema

