
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les mer:
- Skjema for overføring av kvoter
(Word-fil på 44 kB) - Skjema for overføring av kvoter
(PDF-fil på 28 kB) - Ulike skjemaer tilknyttet kvoteregisteret
- Kvoteregisteret og handel med kvoter
Relaterte tema:
Det første oppgjeret med klimakvoter
22.03.06 Våren 2006 vert det første oppgjøret med klimakvoter gjennomført i Noreg. Innan 1. mai må alle verksemder med kvoteplikt overføre ei mengde klimakvoter som svarer til dei kvotepliktige CO2-utsleppa verksemda hadde i 2005 til statens oppgjerskonto. Skjema for overføring av kvoter er oppdatert.
Kvotepliktige verksemder:
- Energianlegg større enn 20 MW
- Raffinering av mineralolje
- Produksjon av koks
- Produksjon og foredling av jern og stål, herunder røsting og sintring av jernmalm
- Produksjon av sement, kalk, glas, glasfiber og keramiske produkt
I alt vart 51 verksemder tildelt klimakvoter for 2005 til 2007. Verksemder med kvotepliktige utslepp i 2005 må overføre kvoter frå sin brukarkonto i kvoteregisteret til staten sin oppgjerskonto.
Fleksibelt system
Dersom eit føretak hadde større kvotepliktige utslepp enn tildelt kvotemengde i 2005, kan verksemda nytte både 2005- og 2006-kvoter til å gjere opp kvoteplikten.
Kvoter kan seljast
Føretak som har kvoter ”til overs” etter 2005-oppgjeret, kan overføre desse til neste år, selge dei til andre med konto i kvoteregisteret eller friviljug slette kvotene ved å overføre dei til statens annulleringskonto.
Berre norske kvoter
Unntatt frå kvoteplikt:
- Forbrenning av biomasse
- Forbrenning av farleg avfall og kommunalt avfall
- Verksemd som er pålagt avgifter etter årlege stortingsvedtak om CO2-avgift
SFT arbeidar med å koble det norske kvotesystemet opp mot kvotesystemet til EU. Inntil Noreg får ei kobling mot EU sitt kvotehandelssystem, er det norske kvoteregisteret eit manuelt register som vert administrert av SFT. I det manuelle kvoteregisteret er det berre norske kvoter som er gyldige.
Tema
