
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Miljøstatus i Norge
Relaterte tema:
Eksterne lenker
- Kostholdsråd for havner og fjorder
(Mattilsynet)
Langsam forbetring av kystmiljøet
15.03.06 SFT si overvaking av miljøgifter i fisk og blåskjel langs norskekysten viser ein nedgong i giftinnhaldet dei fleste stader. Forureininga er likevel vesentleg i mange utsette område, med kosthaldsråd i 31 hamne- og fjordområde langs kysten.
Dette kjem fram i SFT si årlege overvaking av kystmiljøet. Arbeidet inngår i eit internasjonalt overvakingsprogram for miljøgifter i vatn, sediment og levande organismar kalla Joint Assessment and Monitoring Programme (JAMP).
Giftnivåa reduserast sakte
På bakgrunn av resultata vurderer Mattilsynet naudsynet for kosthaldsråd. I noen fjordar har områda med kosthaldsråd blitt redusert over tid som følgje av reduserte utslepp frå industrien. I andre område viser det seg at nivåa av miljøgifter i fisk og skaldyr fell langsamt til trass for store utsleppsreduksjonar.
Flest positive utviklingstrekk
Den siste overvakingsrapporten er basert på målingar gjort i 2004. Den viser at forbetringane dei siste 20 åra har skjedd relativt langsamt. Det er likevel fleire positive enn negative utviklingstrekk. Av dei cirka 700 tidsseriane som er vurdert, er det betydelege forbetringar i 99 av seriane. Undersøkingane viser også at konsentrasjonane av miljøgifter totalt sett er lågare i dag enn på 1980-tallet.

Oslofjorden blir reinare: PCB-innhaldet i blåskjel frå indre og ytre Oslofjord er på veg ned.
Belasta fjordar blir reinare
Mange av dei mest forureina fjordane har blitt reinare dei siste 20 åra. Eksempelvis er det mindre PCB i skjel frå indre Oslofjord, indre del av Kristiansandsfjorden og Grenlandsfjordane. For metalla kadmium og bly er det tilsvarande forbetringar i blåskjel på fleire stasjonar i Sørfjorden og Hardangerfjorden. Reduksjonane skuldast ei rekke miljøtiltak i industrien, inkludert forbod og kampanjar mot PCB-forureining.
Meir kvikksølv i torsk
For 15 seriar er utviklinga negativ. Blant anna har det vore ei auke i kvikksølv i torskefilet frå indre del av Sørfjorden i Hardanger og i Oslofjorden i den perioden undersøkinga har vart. Årsakene er truleg lokale utslipp, samt kvikksølv som vert ført med globale luftstraumar og fell ned i fjordar og tilhøyrande nedbørfelt.
Sedimentmålingar
Målingane i 2004 omfatta også sedimentundersøkingar frå Bømlo til Lofoten. Undersøkingane viser omtrent same nivå av miljøgifter i overflatesediment nå som på 1990-talet. I Sørfjorden i Hardanger er konsentrasjonane av blant anna tjærestoff (PAH) og den kreftframkallande komponenten benzo[a]pyren noko redusert. Forbetringane skuldast blant anna reduserte utslepp og overdekking av sedimenta.
Inga betring for purpursnigelen
Den årlege overvakinga omfattar også utvikling av imposex hos purpursnigel årsaka av botnstoffet TBT. Purpursnigelen er spesielt kjenslevar for påverking av TBT. Hodyra utviklar maskuline karaktertrekk, såkalla imposex, som igjen kan føre til sterilitet. Prøver tatt i 1992 vart samanlikna med nye prøver tatt i 2004. Prøvene viser inga endring i situasjonen.
Tema
