
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Norsk-russisk seminar om hamneavfall
23.03.06 Denne veka arrangerer SFT eit seminar om avfallshandtering i hamner for russiske myndigheiter og russisk industri. Seminaret legg særleg vekt på handtering av oljehaldige væsker.
Avfallshandtering frå hamneanlegg
- Fram til 1. juli 2004 hadde kommunane ansvaret for delar av avfallet som vart kategorisert som forbruksavfall og levert i hamnene.
- Etter lovendring vert dette avfallet nå kategorisert som næringsavfall. Kommunane har ikkje lenger plikt til mottak av avfallet. Kommunane kan likevel velje å tilby tilsvarande teneste.
- Krava til avfallshandtering finn vi mellom anna i forskrift om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip. Skip og hamner må også rette seg etter forskrift om gjenvinning og handtering av avfall (avfallsforskrifta).
- Det er hamna som har ansvaret for mottaksordningane, utarbeiding av avfallsplan og gebyrsystemet. Spesifikasjon og vidarehandtering av avfallet vert gjort i samarbeid med renovatøren som hamna har avtale med.
- Fylkesmannen fører tilsyn med mottaksordningane til hamnene.
I arbeidsprogrammet for miljøsamarbeidet mellom Noreg og Russland har Russland sagt seg interessert i å få vite korleis ei norsk hamn forheld seg til avfallshandtering frå skip. Lokale myndigheiter frå både Murmansk, Arkhangelsk og Nenets er med på seminaret.
Samarbeid med næringslivet
Norsk Hydro og Bergen Havn har stilt sine installasjonar til disposisjon for seminardeltakarene. Dei har utforska hamneanlegget i Bergen, avfallshandteringa til Bergen Interkommunale Renovasjonsselskap (BIR) og Stureterminalen til Norsk Hydro i Øygarden. Her vart systema for handtering av oljehaldig avfall gjennomgått.
Erfaringsutveksling
Resten av seminarveka vert nytta til erfaringsutveksling knytt til avfallssystem i hamner. Mellom anna held Norsk Hydro og Bergen Havn innlegg om driftserfaringar og korleis avfallsutfordringane vert handtert i praksis. Vertskapet for desse dagane er Hydro Sandsli.
Bilateralt miljøvernsamarbeid
Seminaret er ein del av det bilaterale miljøvernsamarbeidet mellom Russland og Noreg. Frå norsk side deltek Bergen Havn, Norsk Hydro, BIR og SFT. Bioforsk Svanhovd har bistått SFT med praktisk tilrettelegging for seminaret, som varer fram til 24. mars.

Stureterminalen: Heile delegasjonen var samla på Stureterminalen til Norsk Hydro for å sjå på korleis Norsk Hydro handterer avfallet frå terminalen.
Foto: Bjørn Frantzen
Tema
