Til toppen av siden

Ny nettstad om utslepp frå hus og hytter

28.03.06 Bioforsk Jord og miljø (tidlegare Jordforsk) har oppretta ein nettstad om mindre utslepp frå avløp.

Bakgrunnen for etableringa av nettstaden er at Miljøverndepartementet nyleg har vedteke eit nytt regelverk for regulering av avløp. Det nye regelverket omfattar alle utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn og vil tre i kraft 1. januar 2007.

Nytt kapittel 12 i forureiningsforskrifta omfattar utslepp mindre enn 50 personekvivalentar. Det vil i hovudsak seie separate utslepp frå boligar og hytter.

Nettstaden inneheld informasjon om minirenseanlegg, naturbaserte renseløysingar, andre filterløysingar, separate toalettsystem og slamavskiljarar. Informasjonen er tilrettelagt og tilpassa Internett med delfinansiering frå SFT.

Bioforsk Jord og miljø er fagleg ansvarleg for innhaldet på nettstaden og vil sørge for jamnleg oppdatering.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden