
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Relaterte tema:
Teflonprodukt ikkje helsefarlege
23.03.06 Normal bruk av teflondekte kokekar og steikepanner medfører ikkje helsefare. Det syner helse- og miljørisikovurderingar som Nasjonalt folkehelseinstitutt og Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har utført på oppdrag frå SFT og Mattilsynet.
Folkehelseinstituttet dokumenterer, på bakgrunn av den informasjonen som er tilgjengeleg i dag, at eksponering for teflon og PFOA (som vert frigjort frå teflon ved oppvarming) er svært låg. Dei meiner at normal bruk av teflondekte kokekar og steikepanner ikkje medfører auka kreftrisiko. NIVA kokluderer også med at teflon ved normal bruk ikkje er eit miljøproblem. Analysar av teflonbelagte kokekar gjev ikke oppdagbare konsentrasjonar av PFOA.
Nedbrytning ved 317 grader Celsius
Det er likevel viktig å vere klar over at nedbrytning av teflon startar ved oppvarming til over 317 grader Celsius, og at det da vert danna ulike perfluorerte gassar. Ei slik oppvarming av teflonprodukt må reknast som unormal bruk, og vil berre medføre eit lokalt helseproblem innomhus.
Tema
