
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Miljøstatus i Norge
Om KyotoprotokollenRelaterte tema:
Eksterne lenker
Greenhouse gas emission trends and projections in Europe 2006(Rapporten hos EEA)
EU must take immediate action on Kyoto targets
(Pressemelding hos EEA)
Europa må redusere klimagassutsleppa
30.10.06 Landa i Europa må intensivere innsatsen for å oppfylle pliktene dei har etter Kyotoprotokollen om å redusere utsleppa av klimagassar. Det syner ein ny rapport frå Det europeiske miljøbyrået (EEA).
Kyoto-mekanismane
Kyotoprotokollen opnar for at land kan innfri sine utsleppsplikter ved bruk av tre ulike fleksible mekanismar:- Felles gjennomføring (Joint Implementation): Det er mogleg å oppnå kredittar for investering i utsleppsreduserande prosjekt i land som har plikter etter protokollen
- Den grøne utviklingsmekanismen (CDM): Det er mogleg å oppnå kredittar for investeringar i prosjekt i u-land utan pliktar
- Internasjonal kvotehandel (Emission Trading): Handel med CO2-kvoter mellom land med pliktar
EEA-rapporten tar for seg 33 europeiske land: 25 EU-land, fire søkarland til EU og fire EFTA-land, inkludert Noreg.
Må redusere utsleppa
Rapporten syner at nasjonale tiltak i dei 15 første EU-landa vil kunne redusere deira samla utslepp med rundt 5 prosent frå 1990 til 2010. Det vil seie at fleire av EU-landa må kjøpe utsleppsrettar frå andre land gjennom dei såkalla Kyoto-mekanismane for å oppfylle dei samla pliktene til EU til 8 prosent reduksjon i høve til 1990. Dette gjeld for eksempel Austerrike, Danmark, Irland og Italia.
Rapporten konkluderer med at Noreg ikkje kan nå eigne plikter utan bruk av Kyoto-mekanismane.
Utsleppa aukar i Noreg
Noreg har i Kyotoprotokollen bunde seg til at utsleppa av klimagassar ikkje skal auke med meir enn éin prosent i perioden
Tema
