
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Fann ikkje forbodne fargestoff
30.10.06 SFT har kontrollert 40 tekstil- og lærprodukt for barn. Kontrollen synte at ingen av produkta inneheldt forbodne azofargestoff.
Regulering av azofargestoff:
- Kravet i produktforskrifta er at tekstil- og lærvarer som kan kome i langvarig kontakt med hud eller munnholer ikkje skal innehalde azofargestoff som kan brytast ned til spesifiserte aromatiske aminar (arylaminar) i påvisbare konsentrasjonr (dvs > 30 ppm).
- Arylaminane er spesifisert i ein tabell i §3-4 i produktforskrifta.
I juni og august kontrollerte SFT 40 tekstil- og lærprodukt til barn frå 16 butikkar i Oslo-området og fire nettbutikkar. Butikkane er i hovudsak kjedebutikkar med lågprisprofil, butikkar med eigenimport frå Asia og nettbutikkar som dekkar heile landet.
Analysar synte at produkta ikkje inneheldt dei forbodne fargestoffa azofargestoff.
Sluttrapport i 2007
Kontrollen var ein del av eit større europeisk tilsynsprosjekt (EurAzo) der Noreg deltek. Sluttrapporten for heile prosjektet vil vere klar i 2007.
Tema
