
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Miljøstatus i Norge
Relaterte tema:
Eksterne lenker
Innsamling av kasserte dekk sparer miljøet
25.10.06 Nesten 40 000 tonn dekk vart gjenvunne i fjor. Norsk Dekkretur AS rapporterar at returgraden for kasserte dekk var på 109 prosent i 2005.
SFT er godt nøgd med den høge returgraden dekkbransjen har oppnådd dei siste åra. Innsamlingsgraden kjem opp i meir enn 100 prosent fordi Norsk Dekkretur AS også samlar inn dekk for importørar som ikkje tek del i retursystemet deira.
Fleire dekkimportørar med
Fleire dekkimportørar slutta seg til Norsk Dekkretur AS i 2005. Trass i dette gjekk dekkimportørane i selskapet sin del av marknaden ned frå 93 prosent i 2004 til 88 prosent i 2005.
|
|
2001 |
2002 |
2003 |
2004 |
2005 |
|
Innsamla mengd |
30 459 |
31 828 |
35 828 |
38 692 |
39 992 |
|
Generert mengd |
26 382 |
29 197 |
30 180 |
37.304 |
36 512 |
|
Returgrad |
115 % |
109 % |
118 % |
104 % |
109 % |
Innsamling av dekk
- Det er forbode å deponere dekk. Kasserte dekk går til ombruk, materialgjenvinning eller energiutnytting.
- Norsk Dekkretur AS har på vegne av bransjen ansvaret for å sikre ei samordna og effektiv innsamling og gjenvinning av dekk i tråd med krava i avfallsforskrifta.
- Kasserte dekk vert henta frå rundt 3500 dekkforhandlarar, oppsamlingsplassar for bilar, kommunale og interkommunale deponi og andre hentestader som miljøstasjonar.
Tema
