Til toppen av siden

Ny inspeksjon av Statens vegvesen

18.10.06 Statens vegvesen har brukt massar i tildekkinga av sjøbunnen i Bispevika som ikkje tilfredssteller miljøkrava i løyvet frå SFT. SFT vurderer miljøkonsekvensane som små, men har stilt krav til Statens vegvesen om å skjerpe rutinane for avvikshandtering og rapportering.

Kva skjer i Bispevika og Bjørvika
  • Statens vegvesen mudrar område i Bispevika og Bjørvika primært i samband med trasé for senketunnelen som skal byggast der.   
  • For å gjere plass til mellomlagring av betongelementa til denne tunnelen, har det vore mudra langs Sørenga for å sikre tilstrekkeleg djupn.   
  • I tunelltraseen må det mudrast djupt – først gjennom eit tjukt lag forureina sediment (sjøbotn) og deretter vidare ned i rein sjøbotn.   
  • Dei forureina sedimenta vert frakta bort og deponert i djupvatnsdeponiet ved Malmøykalven.   
  • Dei reine massane skal brukast til tildekking av forureina sjøbotn i hamna.
  • 26. september gjennomførte SFT inspeksjonen, som omfatta kontroll og rutinar hos Statens vegvesen Region øst i samband med mudring og bruk av tildekkingsmassar i Bispevika. Under inspeksjonen avdekka SFT at Statens vegvesen har brukt massar til tildekking av sjøbunnen i Bispevika som ikkje tilfredsstiller kravet i løyvet. Rutinane for å sikre at mudra tildekkingsmassar tilfredssteller miljøkrava, har ikkje vore tilfredsstellande. Rapportering og oppfølging av unormale tilhøve samt varsling til SFT har heller ikkje vore tilfredsstellande.

    Små miljøkonskvensar

    SFT vurderer miljøkonsekvensane som små fordi det kun er lagt ut forureina massar på små område. Dei forureina tildekkingsmassane ligg dessuten på område som seinare er dekt til med reine massar.

    Etablerer sikkerhetssoner

    For å unngå å få forureining i dei reine tildekkingsmassane, etablerer Statens vegvesen sikkerhetssoner mellom forurensede områder og områder som er klarert som rene.

    Har skjerpa rutinane

    Etter kontrollen har Statens vegvesen skjerpa rutinane for avvikshandtering og interne og eksterne rapporteringsrutinar.

    SFT følgjer opp med tett kontroll

    SFT følgjer arbeidet i Oslo hamn tett ved jamnlege kontrollar. Kontrollane sikrar at eventuelle manglar og feil kan oppdagast tidleg.

    Oslo hamn: Kart over området der Statens vegvesen mudrar og dekkar til med reine massar, i samband med traseen for senketunnelen som skal byggast der. Kilde: Statens vegvesen Region øst og SFT.

    Til toppen av siden

    Tema


    Til toppen av siden